Refleksjonsoppgåver om smittsame sjukdommar

Oppgåve 1. Sjukdom i eit historisk perspektiv
Historia kan gi oss eit innblikk i erfaringane og opplevingane til tidlegare generasjonar. På kva måte meiner du det kan vere nyttig?
Vil du seie at historia er ein del av kvardagen din? Grunngi svaret.
Kjenner du til tidlegare hendingar som har påverka måten vi i dag handterer hygiene og sjukdom på?
Oppgåve 2. Tiltak som reduserer smitte
Det finst mange tiltak som kan redusere spreiing av smittsame sjukdommar.
Diskuter i mindre grupper: Kva for nokre ulike smitteverntiltak kjenner de til?
Kva er forskjellen på smitteverntiltaka de har diskutert?
Kor lenge trur de befolkninga vil vere motiverte til å følgje dei ulike tiltaka?
Kva meiner de er det viktigaste smitteverntiltaket kvar enkelt person kan følgje for å hindre spreiing av smitte?
Oppgåve 3. Klimaendringar
Alle mikroorganismar har ulike eigenskapar. Dette har innverknad på korleis mikroorganismane tilpassar seg og spreier seg i omgivnadene sine.
Korleis kan klimaendringar påverke utbreiinga av smittsame sjukdommar i verda?
Finn ein smittsam sjukdom som er utbreidd i eit gitt geografisk område. Korleis trur du ein aukande gjennomsnittstemperatur på jorda vil påverke spreiinga av denne sjukdommen?
Oppgåve 4. Mutantar av patogene mikroorganismar
Mutasjonar er tilfeldige endringar i arvestoffet til ein organisme som kan påverke dei opphavlege eigenskapane til organismen. Ein organisme som har fått endra eigenskapane sine på denne måten, blir kalla ein mutant.
Kor sannsynleg trur du det er at det oppstår nye mutantar ved eit smitteutbrot?
Bør vi vere uroa for mutantar av patogene mikroorganismar? Kvifor (ikkje)?
Kor mange nye mutantar trur du kan utvikle seg frå same mikroorganisme?
Oppgåve 5. Konsekvensar av smitteverntiltak
Kva er konsekvensane av smitteverntiltak?
Korleis trur du dei ulike smitteverntiltaka nedanfor påverkar befolkninga?
reiserestriksjonar
munnbind
avstand
handhygiene
Oppgåve 6. Smittespreiing
Kan eting, synging, høglydt prating og fnising påverke sjansane for at du overfører smitte til andre, trur du? Diskuter gjerne med ein medelev.
Oppgåve 7. Vektorboren smitte
Kva meiner du er det beste smitteverntiltaket for å beskytte seg mot vektorboren smitte?
Dei siste åra har vi blitt meir og meir merksame på sjukdommen Lyme borreliose, som blir forårsaka av Borrelia-bakterien. Bakterien kan overførast til menneske viss dei blir bitne av flått som er berarar av denne bakterien.
Finn informasjon om sjukdommen. Kor sannsynleg er det at du får sjukdommen Lyme borreliose viss du blir biten av flått, trur du?
Oppgåve 8. Mat som smittekjelde
På kva måte kan mat og drikke vere ei smittekjelde?
Korleis kan vi hindre oppblomstring av patogene mikroorganismar i maten heime på kjøkkenet?
Oppgåve 9. Sjukdom forårsaka av Clostridium tetani
Nokre barn er ute og leikar i gata der du bur. Plutseleg høyrer du at den eine guten hyler. Du spring bort for å sjå kva som har skjedd, og legg merke til at han held seg på foten. Ut frå hulkinga er det tydeleg at guten har store smerter. Det viser seg at guten har trakka på ein rusten spikar.
Du har nyleg jobba med temaet om mikroorganismar og infeksjonssjukdommar og blir litt uroleg: Kva om guten blir infisert av bakterien Clostridium tetani?
Gå til Smittevernhandboka og les om bakterien Clostidium tetani før du gjer spørsmåla under.
Kva er samanhengen mellom ein rusten spikar og denne bakterien?
Bør du vere bekymra viss eit lite barn får ein infeksjon forårsaka av denne bakterien?
Finst det noka behandling for sjukdommar forårsaka av Clostridium tetani?
Kor sannsynleg er det at eit lite barn får denne sjukdommen i Noreg i dag?
Relatert innhald
Her kan du jobbe med tema smittevern og reflekterer over kor viktig smittevern er for kvar enkelt og for samfunnet.
Smittevernlova og forskriftene som høyrer til, beskriv kva tiltak som kan setjast i verk for å førebygge og forhindre smittespreiing i befolkninga.