Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Utforsk epidemiar og pandemiar

Kva skjer når ein smittsam sjukdom spreier seg raskt og forandrar samfunnet? I denne oppgåva skal du utforske epidemiar og pandemiar gjennom tidene. Kva kan vi lære av dei?

Film: Smittsom frå NRK (lengde 29:15)

Episoden Smittsom frå NRK-programmaet Urix handlar om smittsame infeksjonssjukdommar, epidemiar og pandemiar. Her møter du personar som har overlevd ulike pandemiar. Sjå filmen før du gjer oppgvane under.

Del 1: Spørsmål til filmen

  1. På kva måtar kan smitte blir spreidd? Nemn minst to døme frå filmen.

  2. Kva tiltak blei brukte for å avgrense smitte ved spanskesjuka, som er viktige smitteverntiltak i dag òg?

  3. Korleis påverkar ein epidemi eller ein pandemi enkeltmenneske, ifølge historiene vi får høyre?

  4. Korleis kan bustad påverke korleis smitteutbrot utviklar seg og rammar befolkninga?

Del 2: Samanlikn epidemiar og pandemiar

Epidemiar og pandemiar har ramma menneskeslekta gjennom historia, frå Svartedauden på 1300-talet til koronapandemien i 2020. Sjølv om tidene er ulike, finst det både likskapar og ulikskapar når det gjeld korleis sjukdommar oppstår, spreier seg og korleis dei har blitt handterte.

I denne oppgåva skal de velje éin pandemi eller epidemi frå tidlegare tider og éin frå moderne tid, og samanlikne dei.

Førebuing

  1. Jobb i grupper på 34 elevar.

  2. Start med å lese artiklane Pandemi, Svartedauden i Noreg og Sjukdom i eit historisk perspektiv for å setje dykk inn i temaet. Bruk i tillegg internett, bibliotek eller andre kjelder for å finne ut meir om dei to epidemiane eller pandemiane de har valt dykk.

  3. Vel presentasjonsform for funna dykkar, til dømes PowerPoint, plakat eller brosjyre. Presentasjonen skal vare i 510 minutt.

Gjennomføring

I presentasjonen skal de gjere greie for minst to likskapar og to ulikskapar mellom infeksjonssjukdommane. I samanlikninga kan de ta utgangspunkt i desse områda:

  • korleis sjukdommen utviklar seg (symptom og sjukdomsforløp)

  • smittespreiing (geografisk område)

  • førebygging og behandling

  • dødelegheit

  • utfordringar i samfunnet

  • smittesituasjonen i dag: Er det mogleg å bli smitta av infeksjonssjukdommen i dag?

Presentasjon

To grupper presenterer for kvarandre. Noter stikkord undervegs. Notata kan du bruke i del 3.


Del 3: Refleksjon

Gruppene som har presentert for kvarandre, skal ha munnleg refleksjon saman om følgande:

  1. Kva kjenneteiknar ein epidemi og ein pandemi?

  2. Kva har vi lært av tidlegare epidemiar og pandemiar?

  3. Er samfunnet betre rusta for å handtere epidemiar og pandemiar i dag? Kvifor? Kvifor ikkje?

Relatert innhald

Smitteutbrudd i Kongsland!

I dette spelet har du rolla som smittevernansvarleg i Kongsland. Det oppstår eit smitteutbrot, og spørsmålet blir: Kan du stoppe smitten?

Skrive av Aleksandra Krogh, Therese Carlsen og Kathrine Karlsen.
Sist oppdatert 01.06.2026