Tverrfagleg årsplan for vg2 sal, service og reiseliv

Forslag til årsplan
Det er mange måtar å nå eit mål på. Her får du nokre forslag til korleis du kan arbeide med å nå kompetansemåla i den nye læreplanen for sal, service og reiseliv vg2.
Ved å klikke på plussteikna på venstre side får du opp kva for kompetansemål, kjerneelement og tverrfaglege tema dei ulike emna er forankra i.
Fagressursane dekker kompetansemåla i læreplanen. Her finn du både fagartiklar, utforskande og varierte oppgåver, filmar og podkastar, som til saman dannar eit fullverdig læremiddel for faga.
Med eit variert utval av læringsressursar kan du tilpasse innhaldet til elevar på ulikt nivå og til ulike undervisningsmetodar. Vi håper årsplanen kan hjelpe deg med å finne fram i ressursane våre, og inspirere deg til å prøve ut noko nytt.
Ressursane er universelt utforma, og ligg føre på både bokmål og nynorsk.
Lykke til med organiseringa av skuleåret!