Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Faget helse, miljø og sikkerheit

Samanslåinga av dei to tidlegare vg2-løpa på sal, service og reiseliv (SSR) har gitt oss nye programfag og kompetansemål. Korleis er dei nye faga bygde opp, og kva for endringar har komme i kompetansemåla? Her skal vi sjå på det nye faget helse, miljø og sikkerheit.

Emne i faget

Det nye faget helse, miljø og sikkerheit er meir omfangsrikt enn det namnet skulle tilseie. Faget inneheld mange av dei same emna som tidlegare var i faget sikkerheit på programområdet service, sikkerheit og administrasjon.

Trusselbilete, risikovurdering og sikkerheitstiltak, beredskapsplan, brann, førstehjelp og skadestadsleiing, personvern og HMS er emne i det nye faget helse, miljø og sikkerheit som tidlegare var ein del av faget sikkerheit.

Nokre av emna ovanfor var òg ein del av programområdet sal og reiseliv. HMS fann vi tidlegare i faget forretningsdrift. Emna beredskapsplan og førstehjelp inngjekk i faget kultur og kommunikasjon.

I tillegg inneheld det nye faget helse, miljø og sikkerheit emna konflikt- og nødsituasjonar og yrkesetikk og bedriftskultur, som tidlegare var å finne i faga kultur og kommunikasjon på programområdet sal og reiseliv og kommunikasjon og yrkesutøving på programområdet service, sikkerheit og administrasjon.

Endringar

Yrkesetikk og bedriftskultur

Kompetansemålet har blitt mindre i omfang ved at det er teke bort at elevane skal kunne foreslå løysingar og førebyggande tiltak.

Kompetansemål som er tekne ut

  • gjere greie for arbeidsområda, tenestene og produkta til vaktverksemdsbransjen og vurdere desse med utgangspunkt i sikkerheitsbehova i samfunnet

  • gjere greie for symptom på å vere ruspåverka og drøfte korleis ruspåverknad kan gå ut over sikkerheita i ulike situasjonar

KI – ei grunnleggande ferdigheit

Den største endringa i dei grunnleggande ferdigheitene i den nye læreplanen er at bruk av kunstig intelligens (KI) er teken med under digitale ferdigheiter:

Digitale ferdigheiter handlar òg om å kunne bruke digitale verktøy og å kunne bruke kunstig intelligens i eige arbeid og i tverrfaglege samanhengar.

Bruk av KI er derfor lagd inn i fleire oppgåver, sidan det er viktig at elevane lærer seg å bruke verktøyet på ein formålstenleg måte. Vi oppfordrar til å bruke NDLA sin praterobot, og ber elevane reflektere over kva som kjenneteiknar god bruk av KI.

I verktøykassa er det eit heilt emne om kunstig intelligens der elevane kan lære kva KI er og dessutan etikk og kritisk tenking rundt KI. Her finn dei òg filmressursar, praterobotar og ressursar om biletredigering.

Bruk av KI i yrka som elevane skal inn i, er òg teken inn i fagressursane.

  • Læreplan i vg2 sal, service og reiseliv (83 kb)

  • Skrive av Tone Hadler-Olsen.
    Sist oppdatert 12.06.2026