Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Førebyggje etiske dilemma

Kva for førebyggjande tiltak kan ei bedrift setje inn for at dei tilsette ikkje skal hamne i etiske dilemma?

Førebyggjande tiltak

Tydelege interne retningslinjer kan gjere det enklare for tilsette å vite kva dei bør gjere i ulike situasjonar, og kan på den måten gi færre etiske dilemma. God opplæring og innsikt i interne retningslinjer gir tryggleik for oss alle når vi gjer jobben vår.

God bedriftskultur er viktig for at tilsette skal ønskje å gjere gode etiske val i ulike arbeidssituasjonar. Når vi kjenner oss verdsette på jobb, strekkjer vi oss lengre for å gjere ein god jobb og leve opp til ein høg etisk standard. Leiinga i bedrifta bør derfor prøve å skape ein god bedriftskultur ved å definere viktige verdiar, arrangere hyggjelege samankomstar og skape felles opplevingar.

Som døme har Securitas ein bedriftskultur som byggjer på verdiane: ærlegdom, vaktsamheit og hjelpsamheit.

Meir om Securitas sine verdiar

Ærlegdom

Ærlegdom inneber at vi er pålitelege og oppriktige i det vi gjer. Kvar enkelt av oss skal vise at vi er verdig den tilliten kundane våre viser oss. Med ærlegdom oppnår vi høg integritet både mot omgivnader, kundar og samfunn.

Vaktsemd

Vaktsemd gjer oss profesjonelle og påpasselege. Med vaktsemd varetek vi alltid det viktigaste i ein tryggingsleveranse: eigen og andre sin tryggleik.

Hjelpsemd

Hjelpsemd er å gi ei hjelpande hand og yte service utover det som er forventa. Med hjelpsemd bidreg vi i situasjonar der det er naturleg, anten det er kundar, kollegaer eller andre som treng bistand.

Kjelde: https://pss-securitas.no/

Oppgåve 1


Du jobbar i ein liten nisjebutikk som stort sett har rolege dagar. Kollegaen din bruker mykje tid på sosiale medium og blir ofte sitjande med mobilen utan å vere med på arbeid som oppstår utover dagen.

Du veit frå opplæringa at leiarane er strenge på det dei kallar tidstjuveri, og at dette blir rekna som brot på dei etiske retningslinjene til bedrifta. Det er reglar mot å bruke arbeidstida på private ting, inkludert mobilbruk. Når du minner kollegaen din på reglane, blir stemninga dårleg. Kollegaen din meiner at regelen ikkje gjeld viss det ikkje er kundar i butikken, og seier at det ikkje blir oppdaga uansett.

  1. Kva gjer du?

  2. Skriv ned nokre tiltak du tenkjer bedrifta kan setje i verk for at situasjonan ovanfor ikkje skal opplevast som eit dilemma.

  3. Formuler forslag til interne retningslinjer for situasjonan ovanfor.

Oppgåve 2

Ta utgangspunkt i praksisbedrifta di eller ein annan stad du har jobba.

  1. Nemn nokre dilemma som kan oppstå i ulike situasjonar på jobben.

  2. Skriv ned nokre tiltak du tenkjer bedrifta kan setje i verk for at situasjonane du har beskrive i oppgåve a, ikkje skal opplevast som dilemma.

  3. Formuler forslag til interne retningslinjer for situasjonane ovanfor.

Oppgåve 3

  1. Beskriv kort bedriftskulturen der du jobbar. Kva verdiar er bedriftskulturen bygd på?

  2. Synest du bedriftskulturen gjer det enkelt å gjere gode etiske val? Forklar.

  3. Kom med forslag til korleis bedriftskulturen kan forbetrast, og forklar korleis du trur dette kan førebyggje etiske dilemma.

Skrive av Cecilie Lund og Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 06.07.2026