Naturkatastrofar i Loen

Introduksjon
Vi menneske har alltid levd tett på naturen og naturfarane. Loen er ei bygd som har kjent meir på naturkreftene enn dei fleste andre stader i landet. Gjennom 1900-talet døydde til saman 134 menneske i rasulykker i Lodalen.
No skal vi lære meir av det som skjedde i Loen for å forstå korleis ytre krefter kan vere ein fare for oss menneske, og korleis vi kan unngå ulykker som Loenulykkene i framtida.
Bruk oppgåva "Bli kjend med Loen" undervegs der det er naturleg. Bruk eigne ord og døme til å svare på oppgåvene.
A. Loenulykkene
Når skjedde dei tre Loenulykkene?
Kva skjedde? Kvifor vart konsekvensane av rasa så store?
Kva for ei ytre kraft var det som skapte Loenulykkene?
Kva kunne lokalsamfunnet gjort for å unngå at så mange menneskeliv gjekk tapt under ulykkene?
B. Korleis hindre naturkatastrofar?
Forklar kva ein ROS-analyse er. Du kan lese meir om ROS-analyse i artikkelen "Flaum og skred" og artikkelen "Arealplanlegging og arealbruk".
Kva typar ytre krefter kan skape naturkatastrofar i Loen i framtida?
Vel to konkrete stader i eller i nærleiken av Loen. Gjennomfør ein enkel ROS-analyse og vurder risikoen for nye skredulykker på desse stadene.
Kva tiltak er gjorde i Loen for å hindre ulykker og naturkatastrofar?
Kva naturhendingar kan ramme Loen oftare eller kraftigare som ei følge av klimaendringane?
Kom med forslag til to nye tiltak som kan gjerast for å hindre naturkatastrofar i Loen.