I Loen finn vi vakre fjell, frodige dalar og Noregs største isbre, Jostedalsbreen. Men i dette vakre landskapet har òg nokre av Noregs største naturkatastrofar funne stad. Kva har skjedd, og korleis kan vi unngå at naturkatastrofar oppstår?
På 1900-talet opplevde Loen tre store ras som til saman tok 134 menneskeliv.
Oppgåvene er det sentrale i desse casane, for då får elevane jobbe med fagstoffet og kople det til ein konkret stad.
Casen er strukturert i ei logisk rekkefølge. Fagstoffet du treng for å løyse oppgåvene, ligg framfor oppgåvene i strukturen.
Éin måte å jobbe med denne casen på er at du som lærar går gjennom fagstoffet før elevane jobbar med oppgåvene. Då kan du plukke ut det viktigaste slik at de kan spare litt tid og få meir tid til oppgåvene.
Byt ut nærmiljøet med Loen
Vi tilrår at de bruker Loen som utgangspunkt i oppgåvene, òg der det står "bruk nærmiljøet". På den måten kan fagstoffet knytast til ein konkret stad, og de kan aktivt bruke filmen og ressursane som ligg i oppgåva "Bli kjend med Loen".
Ein av fleire casar
Dette er ein av tre casar med utgangspunkt i Loen og ein av åtte casar med utgangspunkt i ein konkret stad. Det er mogleg å undervise heile geografifaget med utgangspunkt i desse åtte casane.