Lykke, levekår, forbruk og berekraft

Relevant fagstoff
For å jobbe med denne oppgåva er det ein fordel å kjenne til bestemt fagstoff og nokre fagomgrep. Her er ei oversikt over relevant fagstoff:
1. Vel stader og målemetodar
Vel éin eller to stader i eit anna land du vil samanlikne Trondheim med. Vel stader du tenker er litt ulike med tanke på levekår og forbruk.
Vel eit mål for levekår du kan bruke til å samanlikne. Vel mellom HDI, IHDI, HPI eller Gini-koeffisienten.
Vel eit mål for forbruk og berekraft du kan bruke til å samanlikne. Her kan du velje mellom økologisk fotavtrykk, geografiske klimagassutslepp eller klimaavtrykk.
2. Samanlikn stadene
For å svare på desse spørsmåla må du bruke dei målemetodane du valde i oppgåve 1. Bruk same målemetode for alle stadene og sjå kva du finn.
Korleis er levekåra dei stadene du undersøker?
Kor berekraftig er forbruket?
Finn bilete frå dei ulike stadene som seier noko om levekår, forbruk og berekraft. Det kan til dømes vere bilete av husa folk lever i, gatebilete eller andre bilete som seier noko om korleis folk lever og har det.
3. Drøft samanhengen mellom lykke, levekår, berekraft og forbruk
Bruk bileta og informasjonen du fann i oppgåve 2, til å diskutere følgande:
Kvar er levekåra best?
Kvar har dei eit mest berekraftig forbruk?
Går det an å leve gode, lykkelege liv der?
Er det mogleg å leve gode liv med gode levekår og samtidig ha eit berekraftig forbruk?
Må nokre personar i andre land leve mindre gode liv for at vi i Noreg skal kunne kjøpe billige produkt og leve gode liv? Eller kan fordelinga i verda bli meir rettferdig utan at det går ut over oss?