Kva skjer når ein by veks? Kva konsekvensar får det, og kva konfliktar kan oppstå? I denne casen bruker vi Trondheim som døme for å forstå kva areal- og interessekonfliktar er, og kvifor naturen er viktig for oss. Klarer de å lage ein god plan for korleis Trondheim bør utviklast vidare?
Her blir det bygd nedanfor Dragvoll i Trondheim på det som tidlegare var åkrar. Kva konfliktar kan oppstå når nye bustader skal byggast?
Oppgåvene er det sentrale i desse casane, for då får elevane jobbe med fagstoffet og kople det til ein konkret stad.
Casen er strukturert i ei logisk rekkefølge. Fagstoffet du treng for å løyse oppgåvene, ligg framfor oppgåvene i strukturen.
Éin måte å jobbe med denne casen på er at du som lærar går gjennom fagstoffet før elevane jobbar med oppgåvene. Då kan du plukke ut det viktigaste slik at de kan spare litt tid og få meir tid til oppgåvene.
Byt ut nærmiljøet med Trondheim
Vi tilrår at de bruker Trondheim som utgangspunkt i oppgåvene, òg der det står "bruk nærmiljøet". På den måten kan fagstoffet knytast til ein konkret stad, og de kan aktivt bruke filmen og ressursane som ligg i oppgåva "Bli kjend med Trondheim".
Ein av fleire casar
Dette er ein av tre casar med utgangspunkt i Trondheim og ein av åtte casar med utgangspunkt i ein konkret stad. Det er mogleg å undervise heile geografifaget med utgangspunkt i desse åtte casane.