Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Bli kjend med Trondheim

Geografifaget handlar om å finne svar på spørsmålet "Kvifor er det slik akkurat her?". No skal du få bli betre kjend med Trondheim slik at du kan bruke byen som utgangspunkt for å lære om faglege tema og seie noko om kvifor det er slik i Trondheim.

Bli med til Trondheim

Aktiver førehandskunnskapen

Tenk gjennom eller diskuter kort i mindre grupper eller felles i klassen før de ser filmen: Kva veit de om Trondheim frå før?

Film: Bli med til Trondheim

Sjå filmen under (lengde 5:32) og få ei omvisning i Trondheim.

Video: Jarle Sten Olsen og Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Spørsmål

Bruk filmen over og karta under til å lære meir om Trondheim. Svar kort på spørsmåla:

  1. Kva kan vere døme på klimatiltak og klimatilpassing i Trondheim?

  2. Kva informasjon finn du om forbruk og levekår?

  3. Kva finn du som kan knytast til berekraftig utvikling?

  4. Kva naturfarar bør Trondheim ta spesielt omsyn til, og kva tiltak har blitt gjort?

  5. Kva kan føre til interessekonfliktar knytte til arealbruk i og rundt Trondheim?

Interaktive og digitale kart over Trondheim

Interaktivt kart over Midtbyen og sentrum

Trykk på punkta i og rundt Midtbyen, bydelen som er omgitt av Nidelva.

Det interaktive kartet er enklast å bruke om du opnar det i fullskjermvisning.

Interaktivt kart over Stor-Trondheim

Trykk på punkta frå områda rundt Trondheim.

Det interaktive kartet er enklast å bruke om du opnar det i fullskjermvisning.

Digitalt kart over Trondheim

I kartet kan du skru av og på ulike kartlag. Du kan òg justere gjennomsiktigheita på kvart lag. Teiknforklaringa hjelper deg å forstå innhaldet, men dukkar berre opp for dei laga som er skrudd på. Dei ulike kartlaga er relevante for ulike faglege tema. Nokre av laga krev at du har zooma litt inn for at dei skal dukke opp.

Om du vil utforske kartet i fullskjermmodus, kan du gå til Kart – Trondheim.

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 27.05.2026