Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Introduksjon: Levekår, forbruk og berekraft

Kor gode levekår må vi ha for å leve gode liv? Kan vi forbruke på ein berekraftig måte og likevel ha det bra? Må nokon ha det dårlegare for at vi skal ha det bra? I denne casen skal vi ta utgangspunkt i Trondheim og undersøke samanhengen mellom levekår, forbruk, ulikskap, lykke og berekraft.

Læringsmål

Etter å ha jobba med heile casen skal du kunne

  • forklare kva berekraftig utvikling og dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling er

  • komme med ulike forslag til løysingar som kan gjere liva våre meir berekraftige

  • reflektere over global ulikskap og diskutere om det må vere sånn

  • diskutere kvifor det er forskjellar i levekår ulike stader i verda

  • drøfte korleis levekår, forbruk og berekraft heng saman

Tidsbruk

Tre økter på 90 minutt kvar.

Tips til læraren

Oppgåvene er det sentrale i desse casane, for då får elevane jobbe med fagstoffet og kople det til ein konkret stad.

Casen er strukturert i ei logisk rekkefølge. Fagstoffet du treng for å løyse oppgåvene, ligg framfor oppgåvene i strukturen.

Éin måte å jobbe med denne casen på er at du som lærar går gjennom fagstoffet før elevane jobbar med oppgåvene. Då kan du plukke ut det viktigaste slik at de kan spare litt tid og få meir tid til oppgåvene.

Ein av fleire casar

Dette er ein av tre casar med utgangspunkt i Trondheim og ein av åtte casar med utgangspunkt i ein konkret stad. Det er mogleg å undervise heile geografifaget med utgangspunkt i desse åtte casane.

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 27.05.2026