Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Introduksjon: Kampen om Repparfjorden

Korleis skal vi bruke naturressursar i Noreg? I området rundt Repparfjorden står næringsutvikling, miljøomsyn og samiske interesser mot kvarandre. Gjennom denne casen skal du undersøke ulike interesser i konflikten og vurdere korleis endringar i arealbruk påverkar både natur og samfunn.

Læringsmål

Etter å ha jobba med heile casen skal du kunne

  • forstå korleis naturressursar kan utnyttast

  • forklare kva ein meiner med med interessekonfliktar

  • vurdere korleis endringar i arealbruk påverkar natur og samfunn

  • diskutere aktuelle interessekonfliktar i Sápmi og nordområda

Tidsbruk

Tre økter på 90 minutt kvar.

Tips til læraren

Oppgåvene er det sentrale i desse casane, for då får elevane jobbe med fagstoffet og kople det til ein konkret stad.

Casen er strukturert i ei logisk rekkefølge. Fagstoffet du treng for å løyse oppgåvene, ligg framfor oppgåvene i strukturen.

Éin måte å jobbe med denne casen på er at du som lærar går gjennom fagstoffet før elevane jobbar med oppgåvene. Då kan du plukke ut det viktigaste slik at de kan spare litt tid og få meir tid til oppgåvene.

Byt ut nærmiljøet med Repparfjorden

Vi tilrår at de bruker Repparfjorden som utgangspunkt i oppgåvene, òg der det står "bruk nærmiljøet". På den måten kan fagstoffet knytast til ein konkret stad, og de kan aktivt bruke filmen og ressursane som ligg i oppgåva "Bli kjend med Repparfjorden".

Ein av fleire casar

Dette er ein av tre casar med utgangspunkt i Repparfjorden og ein av åtte casar med utgangspunkt i ein konkret stad. Det er mogleg å undervise heile geografifaget med utgangspunkt i desse åtte casane.

Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 12.06.2026