Fagstoff
Introduksjon: Frå berggrunn til mineralressurs
Korleis har landskapet rundt oss blitt til? Kva naturressursar finst i berggrunnen? Bli med til Repparfjorden for å lære meir om korleis mineral vi treng, blir danna.

I berggrunnen ved Repparfjorden finst det viktige mineralressursar som kopar.
Læringsmål
Etter å ha jobba med heile casen skal du kunne
forstå korleis indre krefter formar landskapet over millionar av år
forklare korleis ulike typar bergartar blir danna
gi døme på korleis ressursar frå berggrunnen kan utnyttast
diskutere behovet for mineral i eit framtidig samfunn, og kva utfordringar dette kan innebere
Tidsbruk
Fire økter på 90 minutt kvar.