Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald
Video

Geolog på oppdrag

Du er geolog og har fått i oppdrag å forklare kvifor det finst koparressursar ved Repparfjorden. For å løyse oppdraget må du undersøke spor i landskapet og berggrunnen, og du må bruke kunnskap om indre krefter og geologiske prosessar.

1. Ulike bergartar ved Repparfjorden

I området rundt Repparfjorden finst det ulike typar bergartar som sandstein, kvartsitt, dolomitt, konglomerat, basalt, leirskifer, tuff, glimmerskifer og gabbro.

  1. Sorter bergartane i grupper etter kva bergartstype desse høyrer til (magmatiske, sedimentære eller metamorfe).

  2. Forklar korleis dei tre bergartstypane blir danna.

  3. Kva for nokre indre krefter har vore viktige for utviklinga av berggrunnen i området? Tips: Ta utgangspunkt i svara frå dei to første oppgåvene for å svare på dette.

2. Undersøk spora i berggrunnen

I fjellveggen utanfor inngangen til gruvetunnelen kan vi finne spor etter nokre geologiske prosessar. I desse oppgåvene skal vi bruke bilete og kart til å sjå etter spor som kan hjelpe oss til å forstå korleis berggrunnen har blitt danna.

  1. På biletet under er det nokon tydelege lag i berggrunnen. Kva kan dei ulike laga i berggrunnen vere eit teikn på? Korleis kan slike lag ha blitt danna?

  1. Dei ulike laga er òg skråstilte og ein del av ein stor fold. Kva krefter kan ha danna folden? Kva fortel folden om den geologiske historia til området?

3. Om koparressursar

  1. Kva er kopar, og kvifor finn vi det i berggrunnen? Tips: Bruk gjerne informasjon frå figuren under for å svare på dette.

  2. På biletet under ser du ein borkjerne av mineralet chalkopyritt som er henta ut frå fjellet ved Repparfjorden. Geologar hentar ut borkjernar frå fjellet før ei eventuell gruvedrift startar. Kvifor trur du dette er viktig?

4. Koparressursar ved Repparfjorden

A. Film: Geologen forklarer

Sjå filmen (lengde 0:55). Her forklarer geolog Anniken Helland-Hansen om kopardanning ved Repparfjorden.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

B. Berggrunnskart

Bruk berggrunnskartet til å finne ut kvar bergarten dolomitt er i området.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

5. Løysing på oppdraget

Skriv ein kort rapport (cirka 300 ord) eller lag ei munnleg forklaring der du svarer på oppdraget: Kvifor finst det kopar ved Repparfjorden?

I svaret skal du

  • forklare litt om korleis berggrunnen i områda rundt Repparfjorden er danna, ved å bruke minst tre fagomgrep

  • forklare kva kopar er, og i kva mineral vi kan finne dette

  • beskrive samanhengen mellom geologiske prosessar og mineralressursar

  • grunngi kvifor samfunnet har behov for mineral som kopar

Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 15.06.2026