Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kva får folk til å bli?

Arbeidsplassar er viktige for alle lokalsamfunn. Det påverkar kvar folk vel å busetje seg, kva tenester som finst, og korleis ein stad utviklar seg. I denne oppgåva skal du undersøke korleis arbeidsplassar kan påverke busetjinga rundt Repparfjorden.

1. Arbeidsplassar og busetjing i kommunen

Repparfjorden ligg i Hammerfest kommune i Finnmark. Undersøk korleis arbeidsplassar påverkar lokalsamfunn i kommunen, ved å svare på spørsmåla. Sjå gjerne filmen og bruk kartet i oppgåva "Bli kjend med Repparfjorden" før du svarer.

Spørsmål

  1. Kva næringar og arbeidsplassar finst i nærområdet rundt Repparfjorden i dag?

  2. Korleis kan naturressursar i området bidra til å skape arbeidsplassar?

  3. Kva betyr ringverknader?

  4. Kva for nokre positive og negative konsekvensar kan nye arbeidsplassar få for lokalsamfunn i kommunen?

2. Befolkningsstatistikk

I statistikkbanken til Statistisk sentralbyrå kan du finne relevant statistikk om befolkninga i kommunen over fleire år. Her finn du mellom anna informasjon om

  • befolkningstal

  • fødselsoverskot

  • innflytting og utflytting

Utforsk befolkningsstatistikk frå Hammerfest kommune. Juster innhald i filter etter det du vil finne statistikk om.

3. Framtida til Repparfjorden

Her skal du vurdere og planlegge framtida til Repparfjorden og nærområda ved å ta utgangspunkt i to ulike scenario:

  • scenario A: halde fram med gruvedrift

  • scenario B: avvikle gruvedrift

Spørsmål

  1. Vurder og grunngi korleis dei to scenarioa kan påverke

    • arbeidsplassar i ulike næringar

    • flytting og folketal

    • skule og barnehage

    • butikkar og tenester

    • levekår og trivsel

    • samiske tradisjonar

  2. Befolkningspyramidar viser fordeling av ei befolkning etter kjønn i ulike aldersgrupper. Lag ei skisse av korleis du trur befolkningspyramiden til Hammerfest kommune vil sjå ut om ti år for kvart av scenarioa.

  3. Kva scenario meiner du vil gi dei beste framtidsutsiktene for nærområda til Repparfjorden? Grunngi svaret.

Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 15.06.2026