Fagstoff
Introduksjon: Befolkning og levekår på bygda
Kva skal til for at eit lokalsamfunn kan vekse og utvikle seg på ein berekraftig måte? Kan naturressursar skape grunnlag for arbeidsplassar og busetjing over tid? I denne casen skal du utforske årsaker til demografiske endringar med utgangspunkt i områda rundt Repparfjorden.

Læringsmål
Etter å ha jobba med heile casen skal du kunne
forstå ulike demografiske omgrep
forklare faktorar som påverkar befolkningsutvikling
vurdere årsaker til at folk flyttar
drøfte forhold som påverkar levekår i ulike delar av verda
Tidsbruk
Tre økter på 90 minutt kvar.