Filmar frå Trondheim, Loen og Repparfjorden

Casebasert undervisning
Vi har laga åtte ulike casar som til saman dekker heile geografifaget. Alle casane er knytte til ein konkret stad – Trondheim, Loen eller Repparfjorden. Filmane på denne sida er først og fremst laga til desse casane, men kan godt brukast som ein del av undervisninga på andre måtar òg. I kvar film blir vi presenterte for ulike geografifaglege tema knytte til staden filmen handlar om.
Film: Reppparfjorden
I filmen (lengde 7:57) blir du betre kjend med områda rundt Repparfjorden og arealkonflikten som er knytt til fjorden, bruk av naturressursar og samiske rettar. Filmen blir brukt i oppgåva "Bli kjend med Repparfjorden".
Film: Loen
I filmen (lengde 4:22) blir du betre kjend med det dramatiske landskapet på Vestlandet og korleis det blir lagt til rette for turisme i området. Filmen blir brukt i oppgåva "Bli kjend med Loen".
Film: Trondheim
I filmen (lengde 5:32) blir du betre kjend med ein større norsk by, nemleg Trondheim. Her kjem vi inn på tema som arealbruk, lokale særtrekk, klimatilpassing, naturressursar og byplanlegging. Filmen blir brukt i oppgåva "Bli kjend med Trondheim".