Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Debatt om interessekonfliktar

Repparfjorden er sentral i ei sak der interesser knytte til natur, ressursar, arbeidsplassar og rettar møtest. I denne oppgåva skal de undersøke saka og delta i ein strukturert fagdebatt.

1. Førebuing til debatt

I debatten skal de ta utgangspunkt i følgande problemstilling: Korleis bør areala ved og i Repparfjorden brukast i framtida?

Rolleinndeling

Vel ein eller to elevar som kan vere debattleiarar.

Resten av klassen blir delt inn i grupper som representerer forskjellige aktørar/roller:

  • gruveselskap

  • reindrift (samiske interesser)

  • fiskerinæring

  • naturvernorganisasjon

  • kommune/stat

  • lokalbefolkning

Tilpass talet på elevar per gruppe etter klassestorleiken.

Finn argument

Set dykk inn i saka som har skapt interessekonflikt om Repparfjorden, og finn aktuelt innhald for aktøren dykkar. Hugs at de argumenterer ut frå rollene og ikkje ut frå eigne meiningar.

Nokre stikkord som kan vere til hjelp for å komme i gang: fisk vs. kopar, gruveavfall, samiske rettar, økonomi, arbeidsplassar, miljø, naturinngrep, grønt skifte, befolkning, fråflytting, berekraft, ressursutnytting, arealbruk, levekår, distriktspolitikk.

Kvar gruppe skal finne

  • minst tre argument

  • minst to fagomgrep som de bruker rett

  • eitt konkret døme frå området (kart, naturforhold, næring eller rett)

Lag eit kort startinnlegg (maks to minutt) der de

  1. presenterer aktøren dykkar

  2. forklarer hovudinteressene dykkar

  3. grunngir standpunktet dykkar

Debattleiarane lagar ein plan for gjennomføring av debatten (sjå forslag til struktur i boksen nedanfor).

2. Gjennomføring av debatt

Debatten blir styrt av debattleiaren/debattleiarane og følger desse reglane:

  • De argumenterer ut frå rolla dykkar og ikkje ut frå eigne meiningar.

  • Bruk fagomgrep der det er naturleg.

  • Vis respekt for andre aktørar.

  • Grunngi meiningane dykkar.

  • Bruk signal for innlegg og replikk.

Forslag til struktur på debatten

Startinnlegg

Kvar gruppe presenterer innlegga sine (maks to minutt kvar).

Debatt

  • Gruppene utfordrar kvarandre og grunngir eigne argument.

  • Kva kan vere ei mogleg løysing? Prøv å finne kompromiss. Kva kan gruppene vere einige om? Kva er gruppene ueinige om?

Avslutning

Kvar gruppe held eit sluttinnlegg på cirka eitt minutt.

3. Etterarbeid: individuell refleksjon

Denne delen kan gjennomførast skriftleg eller munnleg.

Reflekter over interessekonflikten om Repparfjorden og svar på spørsmåla nedanfor. Ta utgangspunkt i debatten, fagstoffet og eigne meiningar.

  • Kva for ulike interesser finst i området?

  • Kva interesser står spesielt mot kvarandre?

  • Kven vinn, og kven taper på ulike val?

Vel to av desse:

  • Kva interesser bør vege tyngst, og kvifor?

  • Kva for realistiske løysingar finst i saka?

  • Kva seier konflikten om ressurs- og arealbruk i nordområda?

  • Kva for liknande saker finst andre stader?

Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 23.06.2026