Økonomisk oversikt i landbruket
Planlegg med økonomisk oversikt
Økonomisk oversikt er ein plan som blir brukt for å vurdere dei økonomiske konsekvensane av å kjøpe ein landbrukseigedom eller gjere større endringar i drifta på ein gard. Dette kan inkludere tiltak som restaurering, nybygg eller overgang til nye produksjonar.
Oversikta er ein viktig del av driftsplanen og fungerer som grunnlag for konsesjonssøknader ved kjøp av eigedom og søknader om tilskot eller lån til investeringar.
Berekninga baserer seg på eit representativt år og tek omsyn til variasjonar i avlingar, prisar og produktkvalitet. For å sikre at planen er realistisk, må han reflektere økonomien over tid, utan å bygge på verken dei beste eller dei dårlegaste åra.
Døme

I dette dømet skal vi setje opp ei økonomisk oversikt for eit tenkt gardsbruk. Gardsbruket blir drive av ein familie, og dei har
30 mjølkekyr
30 ungdyr
400 daa korn
Inntekter
Vi startar med å få oversikt over inntektene på garden. Det kan vi få ved å bruke dekningsbidraga for dei produksjonane vi har. I tillegg kan vi få ei rekke tilskot.
Dekningsbidrag (DB)
Sidan dømegarden vår driv med mjølk og korn, set vi opp dekningsbidrag for desse produksjonane:
Dekningsbidraget for mjølk reknar vi ut slik: Vi tek inntektene frå sal av mjølk og spekalv og trekker frå variable kostnader, til dømes utgifter til fôrproduksjon, kraftfôr, dyrlege og forbruksartiklar i fjøset.
Dekningsbidraget for korn reknar vi ut slik: Vi tek inntektene frå sal av korn og trekker frå variable kostnader, til dømes utgifter til gjødsel og såvarer.
Når vi set opp dekningsbidrag, tek vi utgangspunkt i Handbok for driftsplanlegging.
Filer
- Dekningsbidrag mjølk(XLSX)
- Dekningsbidrag bygg(XLSX)
Tilskot
I dette dømet bruker vi eit utval av dei viktigaste årlege tilskota som er vanleg i produksjonane våre, altså mjølk og korn.
Tilskotssatsar
Tilskotssatsane blir bestemde i jordbruksforhandlingane kvart år, og dei er baserte på talet på dyr og areal på bestemde tidspunkt i året (teljedatoar). Utbetaling skjer to gonger i året for dei fleste tilskota. Tala under er frå avtalen som gjaldt i 2024.

Differensiering av tilskotssatsar
Legg merke til at dei 30 mjølkekyrne våre har blitt delte i to grupper der dei første 14 får ein høgare sats enn dei neste 16. Det er for å gi dei minste besetningane ei større inntektsmoglegheit per dyr enn dei større besetningane.
I Noreg er dette eit vanleg prinsipp og gjeld fleire tilskotstypar som driftstilskotet, der det er ein sats per bruk justert etter kvar du bur (sone).
Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk er òg eit slikt tilskot. Tilskotet per dyr er lågare frå og med det 24. dyret. Utrekninga er vist under:

Areal- og kulturlandskapstilskotet blir berekna med éin sats per dekar, både for grovfôr og korn. Kulturlandskapstilskotet er for samla areal på bruket. I dømet vårt blir dette til saman 650 dekar.

Innleigd hjelp
For ein husdyrbonde er det viktig å kunne ta seg fri no og då og å kunne leige inn hjelp i onnene. Då er det fint å ha ein stødig gardsarbeidar, ein avløysar, som kan ta fjøset og anna arbeid som må gjerast. Den som kan vise til lønnsutbetaling for leigd hjelp, kan få refundert dette inntil eit visst beløp, kr 126 580.

Når tilskota er berekna for begge produksjonane, blir dette lagt til dekningsbidraga, og vi får dei totale inntektene på garden:

Kostnader
På ein gard er det ikkje berre inntekter – det er òg ein del kostnader, og dei må trekkast frå inntektene.
Vi har allereie trekt frå dei variable kostnadene i samband med dekningsbidraga vi la til grunn. No må vi trekke frå dei andre kostnadene, og vi startar med faste kostnader.
Faste kostnader
Aller øvst ser vi utgiftene bonden har hatt til avløysar og arbeidshjelp. Utgiftene som er viste her, er heilt vanlege på eit allsidig bruk med mjølk og korn av denne storleiken. Vi får noko lågare vedlikehaldskostnader på maskiner og traktor/skurtreskar, fordi vi leiger til slått og tresking, enn om vi hadde hatt eigen skurtreskar og slåtteutstyr for grovfôr. Vi har noko høgare vedlikehald på driftsbygning, for vi har eiga korntørke.

Avskrivingar
Alt vi har investert i garden, blir slite i bruk og blir meir umoderne etter kvart som åra går. Skal vi ha råd til å fornye traktorar, maskiner og driftsbygningar, må vi føre opp slitasje som ein kostnad. Dette blir kalla avskrivingar.
Nivået på verdiane i oversikta under er berekna på same måte som for vedlikehald, sidan vi har noko innleigd hjelp til slått og tresking, og dessutan eiga korntørke.
Som avskriving er det berekna at maskiner og traktorar er utslitne etter 10 år (10 prosent årleg avskriving), mens driftsbygninga for husdyra held i 25 år (4 prosent årleg avskriving), og vegar vil halde i 20 år (5 prosent årleg avskriving).

Driftsoverskot
Som utdraget frå reknearket under viser, har vi berekna driftsoverskotet til garden for eit år ved å summere alle inntektene og trekke frå faste kostnader og avskrivingar.

Arbeidsfortenesta til familien
No skal vi berekne kostnadene ved å investere i driftsmiddel (maskiner, bygningar og så vidare) på vår eigen gard, samanlikna med å til dømes setje pengane i banken.
Verdien vi bruker her, er ei summering av verdiane på garden slik det står i reknearket om avskrivingane. Verdiane på garden er til saman 6 184 000 kroner. Rentesatsen vi bruker, er ei såkalla kalkulasjonsrente som her er sett til 4 prosent p.a. (per år). Den rentesatsen ligg midt imellom innskotsrente og lånerente fordi gjennomsnittsgardsbruket berre har lånt noko av dei investerte verdiane på garden.
Rentekravet blir så trekt frå driftsoverskotet, og vi får arbeidsfortenesta til familien som vist i under:

Godtgjering per arbeidstime
Når vi no har komme så langt, hadde det vore moro å vite kva familien har av godtgjering for kvar nedlagt arbeidstime. Då må vi først finne ut kor mange timar dei har arbeidd.
Frå NIBIOs Handbok for driftsplanlegging summerer vi arbeidsforbruket for både mjølke- og kornproduksjonen på garden til 5 100 timar i året. Deretter bereknar vi talet på timar som er innleigde for avløysar, og til dei som køyrer rundballepressa og skurtreskaren dette året. Vi trekker desse timane frå 5 100 timar og finn at familien har arbeidd 4 109 timar. Den utrekninga ser vi her:

Då kan vi dele driftsoverskotet på 983 342,10 kroner på 4 109 timar. Familien har dermed ei timelønn for eige arbeid på 239 kroner dette året.
Den endelege oversikta

Oppgåve
Sjekk om du hugsar rekkefølga på dei viktigaste postane i ei økonomisk oversikt. Flytt dei ulike postane til rett plass.
Filer
- Økonomisk oversikt(XLSX)
- Tilskot(XLSX)