Dekningsbidrag
Dekningsbidrag
Dekningsbidrag er det første trinnet i driftsplanlegging. Vi reknar det ut ved å ta salspris og trekke frå variable kostnader per årsku, per dekar korn og så vidare. Dekningsbidrag hjelper oss med å forstå kor mykje kvar eining vi produserer, bidreg til å dekke dei faste kostnadene våre.
Handbok for driftsplanlegging
Når vi set opp dekningsbidrag, tek vi ofte utgangspunkt i Handbok for driftsplanlegging. Denne blir revidert årleg og ligg fritt tilgjengeleg på nett.
Kva er forskjellen på budsjett og dekningsbidrag?
Eit budsjett er ein økonomisk plan som tek med alle tenkte inntekter og utgifter i ein bestemd tidsperiode. Her er både faste og variable kostnader med på utgiftssida.
I dekningsbidrag er det berre dei variable kostnadene vi trekker frå salsinntektene. Då får vi ei utrekning per eining av eit produkt. Dei variable kostnadene vil variere i takt med kor mykje du har tenkt å produsere.
Døme på oppsett av dekningsbidrag
Vi skal sjå nærare på nokre døme og har sett opp dekningsbidrag for ei rekke produksjonar. Prisar kan variere ein del, så du må bruke eit oppsett som gir eit rett resultat.
Totalt dekningsbidrag
Det totale dekningsbidraget finn vi ved å legge saman dekningsbidraga for alle produksjonane våre.
Relatert innhald
Nettside hos nibio.brage.unit.no






