Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Mattilsynet

Mattilsynet jobbar for trygg mat og drikke, god dyre- og plantehelse og dessutan miljøvennleg produksjon. Dei både rettleiar, førar tilsyn og gir faglege råd til styresmaktene. Målet er å sikre helse og respekt i heile matkjeda.

Organisering

Mattilsynet har cirka 70 kontorstader spreidde rundt i heile landet med hovudkontor i Oslo. På hovudkontoret finn vi avdelingane som har ansvar for dei meir generelle oppgåvene som til dømes regelverk, utvikling og kommunikasjon. Sjølve tilsynet er organisert i fire tilsynsdivisjonar:

  • landdyr og slakteri

  • planter, fôr og drikkevatn

  • mat og grensekontroll

  • akvakultur

Innan divisjonane er dei delte i seksjonar og avdelingar, og dei fleste av desse er organiserte geografisk.

Kva gjer Mattilsynet?

Mattilsynet har mange viktige roller:

  • Dei gir rettleiing til alle aktørar i verdikjeda, frå produsent til forbrukar.

  • Dei lagar forslag til, forvaltar og rettleier om regelverket som er fastsett av styresmaktene.

  • Dei er ein viktig aktør i beredskapen.

  • Dei fører tilsyn.

  • Dei formidlar kunnskap og gir informasjon.

  • Dei gir faglege råd til styresmaktene.

Nedanfor finnar du døme på kva Mattilsynet gjer og kan hjelpe deg med.

Dyr

Mattilsynet gir råd og rettleiing til deg som har dyr, både produksjonsdyr og kjæledyr. Dei forvaltar regelverket for dyrehald og fører tilsyn for å sjå om regelverket blir følgt. Dei kan til dømes hjelpe deg med regelverket og gi gode råd dersom du skal ut og reise med hunden eller katten din. Når det blir oppdaga at vi har fått ein smittsam dyresjukdom i Noreg, kan dei fortelje deg kva du må og bør gjere dersom du har dyr som kan bli smitta. Mattilsynet er òg staden du skal vende deg til om du mistenker at dyrevelferda er dårleg i eit fjøs eller andre dyrehald du besøker.

Plantar og dyrking

Mattilsynet forvaltar regelverk og kontrollerer mellom anna import av planter. Dei gir rettleiing til deg som produserer eller bruker ulike dyrkingsmedium og såvarer. Dei gir rettleiing i bruk av plantevernmiddel og har oversikt over godkjende middel. Har du mistanke om at du har funne ein farleg eller sjeldan skadegjerar på epletrea dine, er det Mattilsynet du skal kontakte for å få informasjon. Du finn òg regelverket for økologisk produksjon hos Mattilsynet.

Mat og drikke

Mattilsynet lagar regelverket og gir rettleiing til dei som produserer, distribuerer og serverer mat og drikke. Skal du importere eller eksportere mat eller drikke, finn du informasjon om dette på nettsidene deira. Der finn du òg reglane for merking av ei matvare du vil selje. Vil du servere eigensanka blåskjel på sommarfesten, er Mattilsynet rette stad for å sjekke om blåskjela er trygge å ete.

Fisk og akvakultur

Hos Mattilsynet får du rettleiing om fiske anten du er hobbyfiskar eller om du har fiske som næring. Dette gjeld òg anna verksemd innan akvakultur, til dømes teinefangst av hummar eller krabbe. Du finn òg regelverket som gjeld for dette.

Drikkevassforsyning

Vurderer du å få godkjent vatn frå ei elv eller ein innsjø som drikkevatn, gir Mattilsynet rettleiing om kva krav som gjeld for å få godkjent vatnet som drikkevasskjelde. Mattilsynet tek òg jamleg prøvar frå drikkevasskjelder for å vere sikre på at vatnet er trygt å drikke.

Kosmetikk og kroppspleieprodukt

Hos Mattilsynet får du rettleiing og kan finne ut kva krav som gjeld for kosmetikk og hudpleieprodukt, til dømes solkrem, såpe, tannkrem og sminke. Tatoveringsprodukt inngår òg her. Har du teke ei tatovering og får biverknader, kan du kontakte Mattilsynet, så får dei sjekka om det er brukt ulovlege produkt under tatoveringa.

Kjelder

Aspøy, A. & Almås, R. (2024, 26. november). Mattilsynet. I Store norske leksikon. https://snl.no/Mattilsynet

Mattilsynet. (u.å.). Bivirkninger av kosmetikk. Henta 19. juni 2025 frå https://www.mattilsynet.no/skjemaer/bivirkninger-av-kosmetikk

Mattilsynet. (u.å.). Blåskjellvarsel. Henta 18. juni 2025 frå https://www.mattilsynet.no/mat-og-drikke/forbrukere/blaskjellvarsel

Mattilsynet. (u.å.). Eksportguide for mat og drikke. Henta 17. juni 2025 frå https://www.mattilsynet.no/mat-og-drikke/eksport-av-mat-og-drikke/eksportguide-for-mat-og-drikke

Mattilsynet. (u.å.). Veileder til drikkevannsforskriften. Henta 19. juni 2025 frå https://www.mattilsynet.no/drikkevannsforsyning/veileder-til-drikkevannsforskriften

Mattilsynet. (u.å.). Veileder til forskrift om plantevernmidler. Henta 18. juni 2025 frå https://www.mattilsynet.no/planter-og-dyrking/plantevernmidler/veileder-til-forskrift-om-plantevernmidler

Mattilsynet. (2023, 14. desember). Om Mattilsynet. https://www.mattilsynet.no/om-mattilsynet/om-oss

Mattilsynet. (2025, 2. mai). Ny organisering av Mattilsynet. https://www.mattilsynet.no/kontakt-oss/ny-organisering-av-mattilsynet-fra-1.mai

Relatert innhald

Skrive av Anne Langerud.
Sist oppdatert 14.08.2025