NIBIO

Om NIBIO
NIBIO er eit statleg forvaltningsorgan. Det har eit eige styre og er underlagt Landbruks- og matdepartementet. Hovudkontoret er i Ås, og dei har totalt 15 avdelingar spreidde rundt i Noreg, frå Finnmark i nord til Agder i sør.
Dei viktigaste arbeidsområda er mat- og planteproduksjon, miljø, klima, kart og geodata, arealressursar, genressursar, skogbruk og føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi.
Her følger nokre av NIBIOs mål og døme på korleis dei jobbar med dei:
Forsking
NIBIO skal levere forskingsbasert kunnskap av høg relevans. Til dømes forskar NIBIO på korleis landbruket skal tilpasse seg eit klima i endring. Dette kan vere å prøve ut nye sortar og artar, nye metodar for jordarbeiding eller å utvikle ein dyrkingsteknikk som gjer at plantene toler ekstreme nedbørsperiodar.
Dele kunnskap
NIBIO gir kunnskap basert på forsking til forvaltning, næringsliv og samfunn. Dette kan til dømes vere å kartlegge om det finst trua artar i område som styresmaktene vurderer å ta i bruk til bustadbygging. Eit anna døme er å sikre at vi kan vere trygge på at maten vi et, ikkje inneheld restar av plantevernmiddel.
Bioøkonomi
NIBIO skal bidra i utviklinga av bioøkonomien i grøn sektor. Eit døme her er utviklinga av presisjonslandbruket som gjer at innsatsfaktorane i matproduksjonen kan reduserast utan at produksjonen går ned.

Visste du at ...
Bioøkonomi handlar om å gjere om biologiske ressursar til til dømes mat, fôr, materiale, kjemikal eller bioenergi? Dei biologiske ressursane kan vere halm, korn, trevirke, slakteavfall, eggeskal eller avføring frå dyr og menneske. Med vidare forsking kan mykje av det vi i dag tenker på som avfall, i framtida kanskje bli omdanna til verdifulle ressursar.
Digitale tenester
NIBIO har utarbeidd ei rekke digitale tenester som er tilgjengelege for alle. Her er nokre døme:
Kilden
Dette er NIBIOs hovudkartløysing. Her er alle dataa til instituttet samla på éin stad saman med eit utval andre sentrale, nasjonale datasett.
Gardskart
Kart som gir arealtal for landbrukseigedom. Her kan du finne kart over din eigen eigedom og korleis arealet er fordelt på til dømes fulldyrka mark, overflatedyrka mark og skog.
Totalkalkylen
Oversikt over dei totale inntektene, kostnadene og arbeidsforbruket i jordbruket og dessutan forbruket av jordbruksprodukt.
Driftsgranskingar i jordbruket
Driftsgranskingane viser økonomisk status og utvikling i landbruket og på gardsbruk der ein vesentleg del av inntektene kjem frå jord- og skogbruk.
Varsling innen planteskadegjørere (VIPS)
VIPS er ei varslings- og informasjonsteneste utvikla for integrert kamp mot skadedyr, ugras og sjukdommar i jord- og hagebruksvekstar. Tenesta er open og tilgjengeleg for alle, men rettar seg spesielt mot bønder og rådgivarar innan norsk landbruk. VIPS er utvikla av NIBIO og Norsk landbruksrådgiving.
Landbruksmeteorologisk teneste (LMT)
Denne tenesta gir meteorologiske data for varslingstenester og forsking frå dei viktigaste jord- og hagebruksdistrikta i landet. Detaljerte vêrdata blir formidla gratis til ei rekke brukarar innan landbruk, forsking, samferdsel og kraftproduksjon. LMT har heile 52 stasjonar rundt om i heile landet, og ho leverer vêrdata til VIPS.
Program for jord- og vannovervåking i landbruket (JOVA)
JOVA-programmet overvaker landbruksdominerte nedbørsfelt i Noreg. Nedbørsfelta representerer dei viktigaste jordbruksområda i landet med omsyn til klima, jordsmonn og driftspraksis.
Plantevernleksikonet
Plantevernleksikonet gir nyttig og relevant informasjon om biologi og kamp mot planteskadegjerarar (ugras, sjukdommar og skadedyr). Vi finn òg informasjon om biologien til ein del nyttedyr av plantevernbetydning. Leksikonet inneheld ei mengde fine bilete og er søkbart på både kultur og skadegjerar.
Skogkalkulatorar
Her finn vi kalkulatorar som estimerer eller bereknar ulike parameterar som bonitet, volum og treslagskifte.