Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet (LMD) er øvste landbruksfaglege styresmakt under Stortinget. LMD formar ut regelverk og rammer for mat- og landbrukspolitikk og har fleire underliggande etatar og samarbeidspartnarar som handhevar lover og reglar som er fastsette av departementet og Stortinget.

Landbruks- og matdepartementets ansvarsområde

Landbruks- og matdepartementet (LMD) er øvste landbruksfaglege styresmakt under Stortinget og formar ut utgreiingar og regelverk på vegner av Stortinget. Nokre saker kan departementet sjølv gjere vedtak i, mens andre må fremmast som sak for Stortinget.

LMD har ansvar for jordbruk, skogbruk, husdyrproduksjon, reindrift og utvikling av nye næringar innan landbruket.

Nokre sentrale oppgåver

• lage overordna rammer for matproduksjon og landbrukspolitikk

• areal-ressursforvaltning med ansvar for jordvern og skogbruk

• lage rammer og følge opp reindrift, husdyrhald og dyrevelferd

• utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket

• følge opp klimamål og lage rammer for miljøomsyn og vasskvalitet

• gjennomføre dei årlege jordbruks- og reindriftsforhandlingane

Oppfølging og styring av underliggande etatar

Som ein del av det overordna ansvaret for mat- og landbrukspolitikken har LMD òg ansvar for fleire landsdekkande forvaltningsorgan som

  • Landbruksdirektoratet

  • Mattilsynet

  • Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)

  • Veterinærinstituttet

Desse etatane har ansvar for ulike område innan landbruksforvaltninga.

Oppgåver

  1. Finn ut kva landbruks- og matministeren heiter, og kva parti hen representerer.

  2. Sjekk òg om det er nokon aktuelle nyheiter frå LMD som gjeld heimkommunen din eller heimfylket ditt.

  3. Kva meiner du er dei største og viktigaste sakene LMD jobbar med gjennom året?

Kjelder

Regjeringa. (2018, 10. desember). Ansvarsområder og oppgåver i Landbruks- og matdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd/om-departementet/id632/

Regjeringa. (u.å.). (2026). Landbruks- og matdepartementet. Henta 8. januar 2026 frå https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd/id627/

Skrive av Eivind Bakk og Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 16.01.2026