Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Dagbok og hovudbok

Dagbok og hovudbok blir ofte kalla driftsrekneskap. I dagboka blir alle vedlegg førte inn, mens hovudboka er ei oppsummering i kroner for kvar konto av tal førte i dagboka.

Dagbokføring

Dagbokføring er å registrere det vi kjøper eller sel, i ei dagbok / eit rekneark i den rekkefølga det skjer. I dagboka fører vi dei daglege beløpa med vedlegg. Som vedlegg ("bilag" på bokmål) reknar vi fakturaer, og bankutskrifter. Alle vedlegga skal nummererast. I eit dataprogram blir dette gjort automatisk.

T-konto

T-konto er eit verktøy i rekneskapen som hjelper oss med å halde oversikt over pengar ut og inn av bedrifta. Kvart driftsmiddel og bankkonto får sin eigen T-konto i dagboka der "Debet" betyr pluss, altså pengar eller verdiar inn. "Kredit" betyr minus, altså pengar eller verdiar ut.

Når vi debiterer ein konto, betyr det at vi legg til verdi, mens når vi krediterer, trekker vi frå verdi.

Vi fører eit like stort beløp i Debet som i Kredit på kvar linje i dagboka. Dette blir kalla dobbel bokføring, og det sikrar at summen av debet og kredit alltid er lik. På denne måten kan vi enkelt sjå om rekneskapen er korrekt og i balanse. Når vi summerer alle tala på kvar linje, skal det bli 0.

Døme på dagbokføring

Du kjøper kraftfôr for 15 000 kroner kontant. Her er kraftfôret betalt over driftskreditten, og det er likt beløp i debet og kredit. Driftskreditten er trekt med 15 000 kroner, og vi har hatt ei utgift på 15 000 kroner til kraftfôr. Når vi legg saman bortover, blir det altså -15 000 + 15 000 = 0.

Visste du at ...

Namnet T-konto kjem av utsjånaden til reknearket der linja mellom debet og kredit saman med linja over dannar bokstaven T?

Reskontro

Reskontro er T-kontoar i dagboka der vi fører kven vi har levert varer til, og kven vi har handla varer av. Ifølge lova er vi forplikta til å kunne gjere greie for dette til kvar tid. Tek vi inn reskontro i dagboka og fører dømet over med kjøp av kraftfôr, blir det slik:

Reskontro hjelper oss med å halde styr på kven som skylder oss pengar, og kven vi skylder pengar til, noko som gjer det lettare å administrere innbetalingar og utbetalingar.

Visste du at ...

Reskontro stammar frå det italienske ordet riscontro, og at det kan bety "kontroll" eller "samanlikning"?

Meirverdiavgift

Meirverdiavgift (mva.) skal nesten alltid leggast til ved sal av varer og tenester. Satsen er oftast 25 prosent. I dagboka skal beløp med mva. som står på fakturaen, bli førte på reskontro for kvar mottakar eller leverandør, mens berre beløp utan mva. blir førte på T-konto for dei ulike vareslaga.

Mva.-beløpet blir ført i T-konto for meirverdiavgift. Ved betaling av fakturaen blir beløp førte med mva. både i reskontro og i bankkontoen.

Legg vi til mva. i dømet med kraftfôret, blir bokføringa slik:

Hovudbok

Hovudbok er ei oppstilling av bevegelsar på kvar enkelt av T-kontoane gjennom heile året. Tala er altså dei same som står i dagboka, men med alle posteringar i året samla i kvar konto for seg.

For kraftfôr til storfe under er utgiftene førte kronologisk. Dette gjer at ein lett finn fram til kvar enkelt konto og får god oversikt over rekneskapen. Då kan ein hente data til til dømes rekneskapsanalyse, og tala dannar grunnlag for oppsettet i årsrekneskapen.

Kjelde

Reskontro. (2023, 21. november). I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Reskontro

Skrive av Eivind Bakk.
Sist oppdatert 07.10.2024