Økonomistyring med bokføring og rekneskap

Bokføring
Bokføring er når vi registrerer det vi kjøper eller sel. All bokføring er basert på vedlegg, det vil seie kvitteringar og fakturaer (rekningar). Viss vi har kjøpt noko til drifta, til dømes kraftfôr, gjødsel eller maskiner, får vi ein faktura som dokumentasjon til rekneskapen på at vi har hatt ei utgift som vi må bokføre.
Etter at vi har betalt fakturaen, kjem beløpet fram i kontoutskrifta, og då må dette òg bokførast.
Gongen i bokføringa
Samle kvitteringar og fakturaer: Få tak i alle dokument som viser kva du har kjøpt og selt.
Skriv inn i dagboka: Registrer alle transaksjonar kronologisk.
Overfør til hovudboka: Flytt transaksjonane frå dagboka til hovudboka.
Kontroller og samanlikn: Sjekk at alt stemmer med bankutskrifter og andre dokument.
Kostnader og inntekter
Når vi kjøper noko til drifta, pådreg vi oss ei utgift som vi må betale ved å gjennomføre ei utbetaling frå banken. Når vi bruker det vi har kjøpt, i drifta (heile eller delar), blir det betrakta som ein kostnad i rekneskapen.
Har vi levert noko (kjøtt, mjølk, korn og så vidare) til ein kunde, kan vi få ei kvittering ved levering, og så får vi ei produsentavrekning i ettertid. Dette blir betrakta som ein inntekt i rekneskapen.
Rekneskap
Rekneskap er ein samla oversikt over det vi kjøper og sel. Denne oversikta hjelper oss med å følge med på korleis det går med drifta.
Rekneskapen baserer seg på tal frå kvart enkelt gardsbruk i eit driftsår. Dette er i motsetning til eit budsjett som bruker tal som ein trur/bereknar er rette på eit framtidig tidspunkt, til dømes om eit eller fem år.
Driftsrekneskap
Ifølge bokføringslova har vi plikt til å føre rekneskap dersom garden har omsetjing over eit visst beløp eller visst tal på vedlegg. Vi kan velje å føre rekneskapen sjølve eller å setje det bort til ein rekneskapsførar. I driftsrekneskapen inngår dagbok og hovudbok.
Vedlegg
Fakturaer, kontantvedlegg, avrekningar og bankutskrifter blir kalla vedlegg i eit rekneskapssystem (bilag på bokmål). Vedlegga blir nummererte og sette i ein ringperm, og beløp blir så ført inn i driftsrekneskapen (dagboka) med ein gong.
Årsrekneskap
Etter at driftsrekneskapen er ført ut heile året, skal vi no setje opp nokre tal som styresmaktene er interesserte i. Det gjer vi i årsrekneskapen. Der trekker vi kostnader frå inntektene, tek vareoppteljing og avskrivingar av driftsmiddel. Oppsettet blir kalla årsavslutning.
Tala vi får, skal gi både oss og skattestyresmaktene opplysningar som blir brukte til berekning av skattar og avgifter.
Skatterekneskap
Oppstillinga av skatteberekninga som er basert på årsrekneskapen og årsavslutning, kallar vi skatterekneskap (skatteoppgjeret), og det er styrt av skattelova.