Årsrekneskap med årsavslutning

Avskriving
Avskriving er verdireduksjon av eit produksjonsmiddel på grunn av alder og slitasje, og det blir ført som ein kostnad i årsavslutninga. Styresmaktene bestemmer ulike avskrivingsprosentar for ulike anleggsmiddel.
Vareteljing
Vareteljing blir òg gjord i landbruket. Innkjøpte varer som ikkje er brukte i rekneskapsåret, skal ikkje reknast som kostnad, men blir rekna som formue.
Balansen – eigedelar, eigenkapital og gjeld
Balansen viser kva vi eig av bedrifta (eigenkapitalen), og korleis vi eig det. Han består av eigedelar, gjeld og eigenkapital. Det er krav til å dokumentere eigenkapitalen, noko som gjer at vi må setje opp balansen.
Eigedelar kan vere varer på lager, pengar, bankinnskot, dyr i produksjonen, maskiner, bygningar, jord og utstyr, driftsbygningar og uteståande krav. I balansen deler vi eigedelane inn i anleggsmiddel og omsetningsmidlar.
Eigedelar – anleggsmiddel eller omsetningsmidlar
Anleggsmidlar
Anleggsmidlane er varige over lengre tid, men blir avskrivne etter slitasje og bruk. Døme er maskiner, driftsbygningar og vegar.
Omsetningsmidlar
Omsetningsmidlar er lettare å omsetje enn anleggsmidlane og kan brukast til å betale kortsiktig gjeld. Døme er pengar i banken, slakteferdige dyr og korn på tørka.
Eigenkapital og gjeld
Eigenkapital er summen av det vi eig, fråtrekt gjeld.
Driftsresultat
Når årsoppgjeret er avslutta, får vi fram driftsresultatet for garden med å trekke alle kostnader frå alle inntekter.
Er inntektene større enn kostnadene, blir det overskot, og viss kostnadene er større enn inntektene, har vi eit underskot i drifta det året.
Skatterekneskapen
Driftsresultatet går så inn i skatterekneskapen saman med mellom anna lønnsinntekter og renteinntekter.
Herifrå blir det trekt frå utgifter til jobbreiser, barnepass og så vidare. For gardbrukaren blir så det spesielle jordbruksfrådraget trekt frå. Jordbruksfrådraget er komme inn som ei erstatning for låge produktprisar og gir dermed større inntekter utan at forbrukarane får auka prisar på mat.
Når alle frådrag er førte, får vi det som heiter alminneleg inntekt, og det er det beløpet som skatten til det offentlege blir trekt av.