Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Filmsamling: Likviditet og lønnsemd

Her finn du ei samling av filmar med oppgåver om likviditet og lønnsemd, både på garden og i landbruket generelt.

Film om likviditet på garden (7:11)

I denne filmen blir vi med til Gran Gård på Østre Toten, der Magnus Gran Bjerkeengen skaper levande gardsdrift med økologisk eggproduksjon, korn, skogbruk og gardsutsal. Han fortel oss korleis god oversikt over likviditet og planlegging gjennom året er avgjerande for å sikre sunn økonomi i gardsdrifta.

Video: Lena-Valle vgs., Senter for livslang læring, Universitet i Innlandet / CC BY-NC 4.0

Oppgåver

  1. Kva er den største enkeltutgifta i gardsdrifta til Magnus?

  2. Forklar kvifor det er nyttig for Magnus å ha eit likviditetsbudsjett.

  3. Korleis kunne du brukt eit likviditetsbudsjett på ein annan type gard, til dømes ein gard som driv med berre grønsaker?

  4. Kva faktorar bidreg til at Magnus har ujamn inntekt gjennom året, og korleis påverkar det likviditeten hans?

  5. Lag eit enkelt årshjul som viser kva månader Magnus har store utgifter, og kva månader han får inntekter.

  6. Vurder om det er fornuftig av Magnus å kjøpe inn driftsmiddel før nyttår sjølv om prisane har auka dei siste sesongane. Grunngi svaret.

  7. Kva lærte du om økonomisk planlegging i landbruket av denne filmen, og korleis kan denne kunnskapen vere nyttig i eige liv eller framtidig yrke?

  8. Kva grep har Magnus teke for å få ein jamnare kontantstraum gjennom året?

Film om lønnsemd på garden (6:09)

Magnus Gran Bjerkeengen forklarer kva lønnsemd betyr for han, og korleis god planlegging, moderne utstyr og effektiv ressursbruk gir betre økonomi på garden. Han viser òg korleis digitale verktøy og samarbeid bidreg til å optimalisere drifta.

Video: Lena-Valle vgs., Senter for livslang læring, Universitetet i Innlandet / CC BY-NC 4.0

Oppgåver

  1. Kva meiner bonden med at eit gardsbruk som blir godt drive agronomisk, vil ha høgare lønnsemd?

  2. Kvifor er det viktig for garden at det er mogleg å ta ut lønn til både heiltids- og deltidstilsette?

  3. Kva inngår i produksjonsinntektene på denne garden?

  4. Forklar forskjellen på faste og variable kostnader, og gi eit døme på kvar.

  5. Kva rolle speler maskinparken for lønnsemda, ifølge bonden?

  6. Kva er formålet med å bruke CropPLAN i drifta?

  7. Korleis bidreg variabel gjødsling til både auka lønnsemd og redusert miljøbelastning?

  8. Kva er fordelen med å eige maskiner i samarbeid med ein annan bonde?

  9. Korleis påverkar direkte sal av egg lønnsemda samanlikna med å levere alt til eggpakkeri?

  10. Kva seier bonden om korleis ulike gardar må vurdere sjølve om moderne utstyr er ei lønnsam investering?

Film om likviditet i landbruket (9:43)

I denne filmen tek vi for oss kva likviditet er, korleis han blir målt med nøkkeltal, og kvifor det er viktig å vurdere økonomiske konsekvensar før ein gjer investeringar i gardsdrifta.

Video: Lena-Valle vgs., Senter for livslang læring, Universitetet i Innlandet / CC BY-NC 4.0

Oppgåver

  1. Kva betyr omgrepet likviditet, slik det blir brukt i filmen?

  2. Nemn tre døme på omløpsmidlar i ein gardsrekneskap.

  3. Kva er forskjellen på inntekt og innbetaling i denne samanhengen?

  4. Forklar kva som skjer med verdien av omløpsmiddel når ei vare blir seld, men pengane ikkje er mottekne enno.

  5. Korleis blir arbeidskapital berekna, og kva fortel han oss om økonomien i ei bedrift?

  6. Kvifor kan likviditetsgrad 2 auke sjølv om likviditetsgrad 1 er uendra?

  7. Vurder kvifor bonden bør ha ein plan for korleis produksjonsstøtte skal rekke fram til neste salsinntekt.

  8. Gi ei grunngitt vurdering av kvifor bonden vart åtvara mot å betale heile investeringa på 106 000 kroner med pengar frå bankkontoen.

Film om lønnsemdsmål i landbruket (9:59)

I denne filmen går vi gjennom korleis vi kan berekne og bruke lønnsemdsmål for å vurdere kor effektivt ein gard blir driven. Ved å analysere dekningsbidrag, driftsoverskot og lønnsevne per time får bonden innsikt i korleis produksjonen kan optimaliserast.

Video: Lena-Valle vgs., Senter for livslang læring, Universitetet i Innlandet / CC BY-NC 4.0

Oppgåver

  1. Kva er dekningsbidrag, og korleis blir det rekna ut i denne filmen?

  2. Forklar kvifor det er nyttig å samanlikne dekningsbidrag per produksjonseining med gjennomsnittstal for området.

  3. Bruk tala frå dømet med slaktegris og rekn ut kor mykje lågare lønnsevna per gris er samanlikna med gjennomsnittet.

  4. Kva data treng du for å rekne ut lønnsevne per time på eit gardsbruk?

  5. Lag eit døme der du viser korleis lønnsevne per time blir forandra dersom faste kostnader blir auka med 15 000 kr.

  6. Vurder kva tiltak som kan gi størst effekt på lønnsemda: redusere faste kostnader, redusere arbeidstida eller auke produksjonsinntektene. Grunngi svaret.

  7. Drøft om ei høg avkastning av innsett kapital alltid betyr at drifta er god.

  8. Tenk deg at ein gard har lågt dekningsbidrag per eining. Foreslå konkrete tiltak bonden kan vurdere for å forbetre dette, basert på innhaldet i filmen.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 30.10.2025