Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Filmsamling: Investeringsprosessen

Korleis planlegg ein ei investering på gardsbruket? Gjennom to filmar følger vi prosessen på garden Gullerud– frå behov og vurderingar til bygging, økonomiske resultat og miljøgevinstar.

Film om investeringsprosessen – avgjerdsgrunnlaget (5:04)

Øivind Aandstad driv planteproduksjon på Gullerud i Indre Østfold. I filmen fortel han korleis aukande behov for lagringskapasitet førte til ei større investering i nytt kornanlegg. Vi får innsikt i vurderingar, økonomiske kalkylar og søknadsprosessen og dessutan tankane bak å gjere ei investering som òg kommande generasjonar kan dra nytte av.

Video: Lena-Valle vgs., Senter for livslang læring, Universitetet i Innlandet / CC BY-NC 4.0

Oppgåver

  1. Kva slags planteproduksjon driv Øivind Aandstad med på Gullerud?

  2. Nemn to grunnar til at behovet for lagringskapasitet har auka på garden.

  3. Forklar korleis Øivind sikra finansiering av investeringa.

  4. Korleis kan støtte frå Innovasjon Noreg påverke avgjerdsprosessen ved store investeringar i landbruket?

  5. Gjer greie for kvifor det er ein fordel å kunne ta ut meir av verdiskapinga på garden.

  6. Lag ei oversikt over kva vurderingar som vart gjorde før avgjerda om å bygge vart teken.

  7. Vurder om Øivinds investering ville vore like lønnsam utan tilskot. Grunngi svaret.

  8. Diskuter korleis omsyn til neste generasjon kan påverke økonomiske val i familiebruket.

Film om investeringsprosessen – bygging og resultat (7:00)

Etter fleire utbyggingstrinn på Gullerud har Øivind Aandstad investert i eit moderne tørke- og lageranlegg for korn. I filmen får vi innblikk i både byggeprosess, økonomiske berekningar, teknologiske løysingar og miljøgevinstar. Investeringa har styrkt både lønnsemda og driftsflyten på garden.

Video: Lena-Valle vgs., Senter for livslang læring, Universitetet i Innlandet / CC BY-NC 4.0

Oppgåver

  1. Kva slags utbyggingar har vore gjorde på Gullerud sidan 1976?

  2. Kor stor er lagringskapasiteten på garden etter siste utbygging?

  3. Forklar kvifor anlegget gir både økonomiske og praktiske fordelar for drifta.

  4. Korleis kan lokal lagring og tørking redusere miljøbelastninga?

  5. Gjer greie for korleis automatisk styring og nivåvakter bidreg til meir effektiv drift.

  6. Vurder kva risikofaktorar som kunne gjort investeringa mindre lønnsam.

  7. Forklar korleis meirinntekter på 500 000 kroner kan gi forteneste på mellom 50 000 og 150 000 kroner.

  8. Drøft kor viktig det er å vurdere miljø og framtidig logistikk ved store investeringar i landbruket.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 30.10.2025