Oppgåve
Synfaringsrunde
I denne oppgåva skal dere gå på synfaring på eit handlesenter i nærleiken av skulen eller der du bur.

Å gå synfaringsrundar er ein viktig jobb, og kan førebygge uønskte hendingar.
Observer
- Gå saman to og to. Tre inn i rolla som vektarar på handlesenteret.
Sjå etter informasjonen og utstyret som er lista opp i skjemaet nedanfor. Noter i skjemaet kvar de finn det, og kryss av for om det er synleg, og om det ikkje er tilgjengeleg.
Kva? | Kvar? | Synleg | Ikkje tilgjengeleg |
|---|---|---|---|
Oversiktskart over senteret | |||
Oversikt over naudutgangar | |||
Naud-/branninstruks | |||
Merkte naudutgangar | |||
Førstehjelpsutstyr og informasjon om kvar det finst | |||
Hjartestartar og informasjon om kvar han finst | |||
Sløkkeutstyr og informasjon om kvar det finst |
Finn ut
Finn éin eller to naudutgangar og sjå på området rundt.
- Er området merkt?
- Er det skilta?
- Er det hindringar framfor dørene?
- Er ein naud-/branninstruks tilgjengeleg for publikum?
- Finst det eit merkt samlingspunkt?
- Sjå etter brannutstyret som er lista opp nedanfor. Kva av dette utstyret finn de, og i så fall kvar?
- sprinklar i taket
- alarmar
- sløkkeutstyr
- Skriv ei tilbakemelding til senterleiinga om eventuelle forbetringspunkt og manglar.