Personopplysningslova
Kameraovervaking og tilgangskontroll er tema der det er viktig å kjenne reglane i personopplysningslova. Det same gjeld dersom du som tryggingsvakt ber om personnummer og ID-kort.
Som tilsett i tryggleiksbransjen er det viktig å kjenne til reglane i personopplysningslova fordi dei er aktuelle for mange av dei situasjonane du kan hamne i.
Det kan vere nyttig også å kjenne til desse to omgrepa:
- personvern – å ta vare på personleg integritet og privatliv
- personopplysningsvern – reglar for behandling av personopplysningar som har som hovudmål å sikre personvernet
Tenk deg at du som tilsett i eit vaktfirma får eit ønske frå kunden din om å montere kamera for å overvake arbeidsplassen. Kan du straks byrje å montere kamera?
Nei, det kan du ikkje. Først skal andre aktuelle tiltak prøvast ut, slik som gjerde for å hindre uønskt ferdsel på området, alarm for å hindre innbrot eller vakthald for å førebyggje. Dersom det framleis skjer uønskte hendingar, kan ein ta i bruk kameraovervaking.
Bedrifta bør – før det blir montert kamera – lage ein risikoanalyse slik at målet med kameraovervakinga er klart forstått. Vidare skal plasseringa av kamera og justering av «synsfelt» regulerast slik at minst mogleg av opphaldsplassane for dei tilsette blir overvaka.
Dersom bedrifta ønskjer å overvake ei dør, vil det føre til at alle som går inn og ut, blir filma. Det må tilsette vere informerte om, og dei må ha gitt samtykke til det.
Bedrifter har ofte behov for eit tilgangssystem for å avgrense tilgangen til kontorbygget eller fabrikkområdet. Eit slikt tilgangssystem reduserer faren for at tjuvar slepper inn, og gir oversikt over kor mange personar som er på bedriftsområdet til kvar tid. Dette er spesielt viktig i samband med evakuering ved brann og andre farlege situasjonar.
Omsynet til personvern er likevel aktuelt fordi slike tilgangssystem også lagrar data om kven som oppheld seg på kva slags område. Bedrifta må derfor nøye vurdere kva type informasjon som blir lagra, og bedrifta må også sikre at tilgangskorta ikkje enkelt kan kopierast og misbrukast.
Det er vanleg for ein vektar å be om identifikasjonsbevis når han treffer nokon på ein vaktrunde. Ofte er det nedfelt i oppdragsbeskrivinga til vektaren at han skal be om ID i slike situasjonar.
Ingen pliktar likevel å vise ID-en sin til vektaren. Dersom folk frivillig legitimerer seg når dei blir spurde om det, er det greitt. Det er det som normalt skjer.
Ein eigar av ein bygning kan sjølv lage reglar for framvising av ID. Eksempelvis er det krav på somme store vidaregåande skolar at elevar og tilsette skal vise ID-kort dersom dei blir spurde om det. Vektaren er likevel også sjølv pliktig til å vise ID-en sin i ein kontrollsituasjon.
Politiet kan krevje å få sjå ID, men berre under visse føresetnader: Det skal vere relevant for den konkret saka. Du kan altså nekte å vise ein polititenestemann ID-en din ute på gata, men då er nok sjansen stor for at du må bli med inn på politistasjonen for å registrere deg.
Datatilsynet er den instansen som behandlar kameraovervaking i Noreg. Datatilsynet skal passe på at vi ikkje blir krenkte ved at personopplysningane våre blir misbrukte.
Drøft
Kven pliktar du som elev å vise ID til? Er det reglar om dette på skolen din?
Drøft forhold mellom overvaking og personvern. Bør ein kunne risikere å bli filma viss ein tilfeldigvis går på ei bestemd gate? Kva er «farleg» med det, og kva er føremålet med overvaking?
Hvilket ansvar har du dersom du jobber på en vaktsentral og ser bilder fra overvåkningskameraene på store skjermer? Hva gjør du dersom du ser en av dine kollegaer kysse en av de andre ansatte? Er dette årsaken til at det er gitt konsesjon for overvåkning?