På jakt etter marine ressursar - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

På jakt etter marine ressursar

Oppgåve

  • Bruk det interaktive kartet frå Miljøstatus.no.
  • Klikk «Vis forklaring» for å sjå kva dei ulike symbola og fargane tyder.
  • Klikk «Utforsk kart» for å opne kartet på Miljøstatus.no sine sider. Her kan du velje å vise fleire/færre tema i kartet.
  1. Kvar i Noreg finst det førekomstar av korallrev? Kvar finst ditt næraste korallrev?
  2. Finn ut kva korrallrev er. Kvifor er korallrev viktige for det biologiske mangfaldet i havet?
  3. Kvar i Noreg finst det viktige førekomstar av tareskog?
  4. Finn ut kvifor tareskog er eit viktig økosystem i havet.
  5. Kva for ulike typar oppdrettsanlegg kan du finne i kartet?
  6. Finn du område der oppdrettsanlegg og korallrev er i nærleiken av kvarandre? Kan korallar bli påverka av aktiviteten på eit oppdrettsanlegg? Prøv å finne ut meir om dette på Internett.

Relatert innhald

Fagstoff
Havet – stort, men sårbart

Havet er stort, men blir i stor grad påverka av menneskeleg aktivitet. Vi må ta vare på havet og livet der for å ha glede av det også i framtida.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2017