Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Økonomi i praksisbedrifta

Når du driv ei bedrift, er det viktig å ha økonomien under kontroll. I denne oppgåva skal du sjå nærare på økonomien og dei økonomiske systema som blir brukte i praksisbedrifta di.

Korleis er økonomien i verksemda?

Om du ikkje får tilgang til opplysningane om økonomien i praksisbedrifta, kan du sjå kva du finn i offentlege register, til dømes på proff.no.

Heimesida til proff.no.

Oppgåve 1

  1. Kva for ulike typar budsjett blir brukte i bedrifter?
  2. Kva er føremålet med eit budsjett?
  3. Har praksisbedrifta di eit budsjett å halde seg til?

Oppgåve 2

  1. Kva meiner vi med lønsemda til ei bedrift?
  2. Korleis kan vi berekne lønsemda til ei bedrift?
  3. Korleis er lønsemda i praksisbedrifta di?

Oppgåve 3

  1. Kva for ulike kalkulasjonsmetodar har vi for å fastsetje pris?
  2. Kva kalkulasjonsmetode bruker praksisbedrifta di?

Oppgåve 4

  1. Fører praksisbedrifta di rekneskap sjølv, eller leiger bedrifta denne tenesta?
  2. Har du tankar om korleis praksisbedrifta di kunne spart pengar og forbetra resultatet?
Skrive av Tove Knutsen og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 04/17/2020