Manuelle sikringstiltak - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Manuelle sikringstiltak

Sikkerheitstiltak utført av menneske blir kalla manuelle sikkerheitstiltak, og kan utførast av eigne tilsette eller innleigde vektarar. Menneskeleg vakthald av område, anlegg og bygningar er døme på manuelle sikringstiltak som kan førebygge uønskte hendingar.

Formålet med manuelle sikringstiltak

Manuelle sikkerheitstiltak er jobben menneske utfører for å sikre verdiar. Målet med manuelle sikringstiltak er å redusere risikoen for uønskte hendingar som brann, lekkasje, kriminelle handlingar og driftsstans.

Ulike former for manuelle sikringstiltak

Om vi bruker eigne tilsette, blir det kalla internt vakthald. Alternativt kan ei verksemd kjøpe tenester frå eit vaktselskap som gjennomfører den manuelle sikringstenesta. Det finst mange vaktselskap i Noreg. For å kunne drive vaktverksemd må selskapet ha løyve frå styresmaktene.

Mobilteneste

Ein mobil vektar har uniform og bruker bil for å komme seg frå kunde til kunde. Vektaren gjennomfører gjerne ein inspeksjonsrunde hos kundane.

Mobile vektarar er ofte på jobb om kvelden og natta og sjekkar at vindauge og dører er låste. Vektarane kan sjå etter teikn på innbrot eller hærverk. Somme verksemder har òg inspeksjon inne, og då slår vektaren av lys og kaffitraktarar, låser dører og gjer andre oppgåver som kunden ønsker utførte for å vere nøgd med tryggleiken.

Ein vektar som går vaktrunde på eit område, kan nytte seg av tekniske hjelpemiddel (teknisk sikring) som å skanne kontrollpunkt, men sjølve vaktrunden blir gjennomført av eit menneske – han er altså manuell.

Resepsjonsteneste

Somme verksemder leiger inn vektarar til å betene inngangskontrollen i bygningen sin. Då er det ein vektar som registrerer når det kjem besøkande og leverer ut besøkskort til dei. Mange stader er det slik at den som skal ha besøk, må møte gjestene sine i resepsjonen.

Inngangskontroll der vektaren sjekkar ID og kontrollerer bagar/vesker, er ei form for manuell sikring. Ein vektar som tek hand om pengetransport, og vakta i resepsjonen som registrerer besøkande, utfører òg manuelle sikkerheitstiltak.

Andre oppgåver ein innleigd vektar har i resepsjonen, er å betene telefonen, få post og pakkar, sjekke video-overvakinga og gjere andre oppgåver som kunden ønsker utført.

Vaktsentral

Mange vaktselskap har ein vaktsentral. Sentralen er bemanna av ein sikkerheitsmedarbeidar.

Arbeidsoppgåvene for denne medarbeidaren er å ta imot alarmar og følge med på video-overvakinga av bygningar eller område. Hen tek òg imot meldingar frå vektarar ute på oppdrag.

I tillegg sjekkar vaktsentralen at vektarane kjem på jobb til rett tid, slik at kundane får dei tenestene dei betaler for. Vaktsentralen har òg jamleg kontakt med vektarane for å sjekke at alt er ok. Det er viktig for vektarane sin eigen tryggleik.

Skrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 25.08.2024