Lag eit organisasjonskart - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lag eit organisasjonskart

I denne oppgåva skal du ut frå gitte opplysingar lage eit organisasjonskart for lokalkontoret til det oppdikta vaktselskapet Trygghet.

Situasjonsbeskriving

Leiaren for lokalkontoret har tittelen avdelingssjef.

Under avdelingssjefen er det tre driftsleiarar. Driftsleiarane er leiarar for ulike typar vakttenester, som stasjonærvakt, mobilvakt og handel. Driftsleiaren har personalansvaret for alle tilsette ved avdelinga si.

Under kvar driftsleiar er det ein driftskoordinator. Driftskoordinatoren er ein assistent for driftsleiaren.

Under kvar driftsleiar er det òg fire objektleiarar som er fagleiarar for fem vektarar kvar.

Vaktselskapet har tre ulike stabsfunksjonar:

  • sal
  • rekruttering
  • bemanning

Støttefunksjonar som rekneskap, lønn, IT og opplæring er lagt til hovudkontoret og skal ikkje vere med i organisasjonskartet til lokalavdelinga.

Oppgåve

  1. Du er i praksis hos vaktselskapet Trygghet. Her får du i oppgåve å lage eit organisasjonskart, slik at vektarane tydeleg kan sjå kven dei har som leiar. Bruk opplysingane du finn ovanfor. Set eigne føresetnader viss det er naudsynt.
  2. Set deg saman med ein medelev.
    Samanlikn organisasjonskarta. Har de løyst oppgåva likt? Diskuter og lag eit nytt organisasjonskart saman.
  3. Presenter organisasjonskartet for klassen.

Bruk gjerne eit av verktøya som er presentert i fagartikkelen nedanfor for å teikne organisasjonskartet.

Faglege omgrep
Avdelingssjef
er her den øvste leiaren av lokalkontoret.
Driftsleiarane
rapporterer til avdelingsleiaren og har ansvar for ein type vaktteneste.
Stasjonærvakt
er avdelinga for stasjonærvektarane. Det er vektarane som utfører enkle vaktmeisteroppgåver og betener tekniske sikkerheitsanlegg som kameraovervaking og alarmanlegg.
Mobilvakt
er avdelinga for mobilvektarar, som er vektarane som arbeider førebyggande ved å patruljere hos ulike bedrifter.
Handel
er her avdelinga for vektarar som arbeider for ulike butikkar.
Driftskoordinator
er assistenten til driftsleiaren.
Objektleiar
er leiaren for vektarane ute hos ein kunde.

Relatert innhald

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 18.10.2019