Kvalitet i verdikjeda - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvalitet i verdikjeda

For å få god kvalitet på sluttproduktet må vi sørge for kvalitet i alle ledd i verdikjeda til produktet. At produktet er berekraftig, blir stadig viktigare for den opplevde kvaliteten til kunden.

Opplevd kvalitet

Kvaliteten på eit produkt har med eigenskapane til produktet – som holdbarhet, utsjånad og funksjonar – å gjere. Når produktet tilfredsstiller ønska til kunden, vil kunden synast at kvaliteten er god. Dette blir gjerne omtalt som opplevd kvalitet. I alle ledd i verdikjeda må vi sørge for kvalitet, slik at sluttproduktet vil tilfredsstille behovet og ønska til kunden.

Kvalitet er eit vidt omgrep, sidan produkta som blir vurderte, er så ulike. Produktomgrepet omfattar både varer og tenester. Og i dag har berekraftselementet også blitt ein viktig del av kvalitetsomgrepet.

For at sluttproduktet skal ha den rette kvaliteten, må alle ledd i verdikjeda fungere tilfredsstillande. Og vi må ha fokus på berekraft i alle ledd. Derfor må alle ledd overvakast og om mogleg bli forbetra, spesielt dei ledda eller funksjonane som betyr mest for den opplevde kvaliteten til kunden.

Dokumentasjon

For å sikre kvalitet er det viktig at rutinar og produksjonsprosessar blir dokumenterte skriftleg. Dette har betydning både for opplæring og for å kunne avdekke forbetringspotensialet.

I dokumentasjonsarbeidet er vi avhengige av gode IKT-system som kan lagre store datamengder og gjere rask og effektiv kommunikasjon mogleg. Men hugs gode sikringssystem, sidan store verdiar og vitale forretningshemmelegheiter kan vere lagra i slike databasar.

Forbetringsprosessar

Forbetring av produktet kan gi auka sal og høgare inntening, noko som igjen kan gi bedrifta større ressursar til auka satsing og produktforbetring.

Bedrifter må jobbe systematisk med verdiskapinga i alle ledd. Viss det oppstår feil eller avvik, må det setjast i verk tiltak med ein gong.

Forbetringsprosessen kan framstillast som ein trinnvis modell, som i kvalitetshjulet under, der vi først set oss mål for kva vi vil oppnå. Deretter må vi kartlegge kva vi gjer, og korleis vi gjer det. Så må vi planlegge, gjennomføre, vurdere og følge opp tiltaka.

Berekraftige produkt

Kvalitet i verdikjeda inneber også at vi tek inn berekraftsperspektivet i alle ledd. Produktet må ha ei berekraftig verdikjede som tek vare på både miljømessig, økonomisk og sosial berekraft.

Til dømes kan stor grad av resirkulerte innsatsfaktorar forbindast med kvalitet. Samfunnet ønsker å vite kva råvarer, fabrikkar og leverandørar som blir brukte. I tillegg vil vi vite kva krav til berekraft som blir stilte til dei ulike ledda i verdikjeda.

For omdømmet til bedrifter har berekraftsarbeidet blitt svært viktig. Forbrukarar er, i lang større grad enn tidlegare, opptekne av at produkt blir produserte på ein rettferdig, forsvarleg og lovleg måte.

Skrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.08.2023