Oppgave
Heddas skatebutikk
Hedda Guttormsen har etablert ein skatebutikk i Stavanger. Løys oppgåvene knytta til Heddas etablering av butikken.
Ho har finansiert ein del av totalkapitalen gjennom eit banklån.
Resten har Hedda skaffa sjølv.
Desse balansepostane har skatebutikken per 1. september 20xx:
- Varebil kr 250 000
- Inventar kr 300 000
- Kontantar kr 40 000
- Banklån kr 520 000
- Bankinnskot kr 400 000
- Eigenkapital kr ?
- Set opp balansen per 1. september 20xx.
- Kva er totalkapitalen?
- Kor stor er eigenkapitalen?
- Kva faktorar kan påverke eigenkapitalen negativt?