Fysiske tryggingstiltak - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Fysiske tryggingstiltak

Med fysisk sikring meiner vi for eksempel vegger, golv, tak, dører, låsar og vindauge. Desse delane av ein bygning utgjer sjølve grunnlaget for å hindre tap av verdiar.

Vi må ha vegger og tak for å hindre at for eksempel tv-en eller mopeden vår blir øydelagd av snø og regn. Vi låser også inngangsdøra for å hindre at framande tek seg inn i heimen vår. På same måten låser industribedriftene dører og portar for å hindre uvedkomande i å stele eller valde skade på eigedommen.

Fysiske tryggingstiltak

Det finst mange fysiske tryggingstiltak som kan setjast i verk for å sikre liv og eigedom:

Gjerde

Eit gjerde markerer tydeleg ei grense for uvedkomande eller tilfeldig passerande. Gjerdet er eit viktig tryggingstiltak for mange bedrifter. Dess høgare gjerdet er, dess vanskelegare er det å passere, og dess tydelegare markerer det graden av tryggleik.

Lys

I mørkret er alle kattar grå, heiter det i eit ordtak. Det vil seie at det er vanskeleg å bli attkjend når det er mørkt. Dersom vi monterer lys som tenner seg ved rørsler, eller ordnar med godt lys på alle fasadane heile tida, er det mykje vanskelegare å bryte seg inn i eit bygg. Lys er eit enkelt, rimeleg og effektivt tiltak for å førebyggje hærverk og innbrot.

Inngangar, portar

Portar og dører er fysiske bygnings-stengsel. Dersom vi har gode låsar, er dei endå vanskelegare å forsere. Hugs at karmar og hengsle må vere like solide som låsane.

Vegger, tak og golv

I ein bygning som skal sikrast, må det vere like solide vegger, golv og tak som dører, vindauge og låsar. Det hjelper ikkje å ha solid lås dersom det er enkelt å bryte seg inn gjennom veggen ved sida av. Det hjelper heller ikkje å ha tryggingsglas i vindauget om det er lett å ta ut karmen med heile vindauget inni. Det same gjeld golv. Mange gonger har tjuvane brote seg inn gjennom golv og tak i staden for å prøve seg på den solide døra eller veggene.

Glasvindauge, dører

Det finst mange typar vindaugsglas. Somme typar er lette å knuse, andre er uknuselege. Gullsmedbutikkar har spesielle krav til motstanden i glaset i butikkvindauga. Det skal ikkje vere mogleg å bryte seg inn gjennom glaset med lett handverktøy utan å bruke lang tid.
Dører er ein svært vanleg innbrotsveg, m.a. fordi dei ofte er lett tilgjengelege. Dører finst i mange variantar: tjukke, i heiltre, med stålinnlegg osv. Hugs at det er liten vits i å ha ei solid dør dersom det finst vindauge i døra som lett kan knusast, slik at ein kan bruke handa til å vri om låsen på innsida.

Rømmingsdør

Rømmingsdører er eit krav i bygningar der menneske held til. Det vil seie at det skal la seg gjere å opne dørene i nødsfall under evakuering. Skulle det bryte ut brann inne, vil alle ut med ein gong. Dersom døra då ikkje raskt lèt seg opne, blir det fort panikk og trengsel mot døra. Rømmingsdører skal derfor slå utover og kunne opnast med eit eihandsgrep.

Skrive av Vegard Floor Søvik. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.11.2018