Den endelege prisen - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Den endelege prisen

Det finst mange måtar å finne fram til riktig pris på, for prisen blir påverka av ei rekkje tilhøve. Vi kan samanlikne sluttprisen med ein lauk. I kjernen er prisstrategien, utanpå den er prissetjingsmetoden, og utanpå den ligg det tynne lag av avgjerder og påverknader. Du skal lære om nokre av dei.

Sesongvariasjonar

Det er ikkje alltid det er klokt eller riktig å ha den same prisen på ei vare heile året. Nokon varer har spesielt stor etterspørsel i enkelte periodar av året, og derfor kan ein setje opp prisen i desse periodane. Reiselivsnæringa til dømes prisar ein ferietur til Syden ganske annleis i skuleferiane enn midt i mars. Dette kjem av at det er få menneske som kan ta seg fri frå jobb og skule utanom skuleferiane. Då går etterspørselen ned, og det gjer prisen òg.

Målgruppeforskjellar

I mange bransjar er det naturleg å gi ulike prisar til ulike kundar. Tenk deg til dømes kor ulikt flybillettar er prisa. Vi har billettkategoriar som økonomi, flexi, fullflex, førsteklasse og turistklasse, og dei ulike billettypane svarer til ulike behov hos kunden. Nokon kundar vil kunne bestille, endre og avbestille billettar utan ekstra kostnader og er innstilte på å betale for denne fleksibiliteten, medan andre er mest opptekne av å få den billegaste turen. Nokon legg vekt på komfort på flyturen, og andre synest ikkje litt ekstra mat og plass til beina er verdt opptil fleire tusen kroner.

Geografiske variasjonar

Produkt kan vere billege ein stad i landet og dyre ein annan stad. Prisforskjellen kan ha med fraktkostnader å gjere, men han kan òg ha å gjere med etterspørselen eller tilgangen på råvarer. I Vesterålen er tilgangen på tørrfisk veldig god, og derfor er prisen lågare der enn på Austlandet.

Konkurransesituasjonen

Dersom ei bedrift har mange konkurrentar, vil ho leggje seg på omtrent same prisnivå som konkurrentane. Men nokon stader er ikkje konkurransen så stor, og då kan ein setje prisen høgare. Vi har då å gjere med ein slags monopolsituasjon. Dersom ein by berre har éin restaurant som lagar sushi, og innbyggjarane elskar japansk mat, vil denne restauranten kunne ta seg betre betalt enn om han har ein konkurrerande sushi-restaurant vegg i vegg.

Skattar og avgifter

I nokon tilfelle utgjer skattar og avgifter storparten av den endelege prisen på ei vare. Bensin er eit døme på dette, og her er størstedelen av prisen avgifter til staten. Elles finst det til dømes meirverdiavgift på alle varer, alkoholavgift, nikotinavgift, luksusskatt på luksusvarer, sukkeravgift på sukkerhaldige varer og så vidare.

Ein kan vere einig eller ueinig i bruken av slike avgifter, men tanken er at dei skal regulere forbruket og medverke til at staten kan finansiere dei ugiftene som forbruket skaper. Til dømes har vi fått sukkeravgifta fordi høgt inntak av sukker gir livsstilssjukdommar som igjen kostar samfunnet mykje pengar.

Talet på ledd i distribusjonen

Ei vare som blir produsert på ein fabrikk i Kina, skal først fraktast av eit fraktselskap, deretter kjøpast av ein grossist, så kjøpast av ein detaljist og til slutt seljast til kunden. Alle skal ha litt forteneste for å få vara fram til kunden, og dette påverkar i sin tur prisen. Det dukkar stadig opp «factory outlets» som reduserer talet på ledd i distribusjonen. Dermed blir kostnadene lågare, og varene blir billegare. Ein kan òg kjøpe direkte frå fabrikk i nokre tilfelle, eller direkte frå forhandlar, eller til dømes på nettet. Viss ein kan sleppe å selje ei vare i butikk, sparer ein inn mange kostnader som er knytte til sjølve butikk-leddet, og dette gjer at prisen blir lågare.

Psykologisk prising

Nokon gonger gir prisen i seg sjølv så sterke signal om kva vara er verd, at produkta får større etterspørsel når dei er prisa høgt, enn når dei er prisa lågt. Ein dyr parfyme kan til dømes selje meir enn ein billeg parfyme, sjølv om innhaldet i flaska har same verdi. Er parfymen dyr, trur vi at han er meir eksklusiv, og vi er villige til å betale meir for han. Vi blir i grunnen lurte litt av prisen.

Pristersklar

Prisar kan vere meir eller mindre innarbeidde i hovuda våre. Det går til dømes ei grense for kor mykje vi er villige til å betale for brød og annan bakst. Eit bakeriutsal kan derfor prise varene sine ut frå desse terskelverdiane og gjerne leggje seg litt under for at vi skal føle at vi gjer eit godt kjøp. Å betale 29,90 kroner for eit brød kan vere heilt greitt for mange, men å betale 31 kroner er «altfor» dyrt, endå om det berre er éi krone og ti øre som skil.

Skrive av Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2017