Budsjettkontroll - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Budsjettkontroll

Med jamne mellomrom må vi samanlikne tala i rekneskapen med tilsvarande tal i budsjettet. Jamleg budsjettkontroll er viktig for den økonomiske styringa av bedrifta. I eit døme med ein blomsterbutikk lagar vi her ein budsjettkontroll for ein månad.

Kva er budsjettkontroll?

Normalt er vi ferdige med resultatrekneskapen 10–15 dagar inn i neste månad. Det inneber til dømes at resultatrekneskapen for januar månad er ferdig 10.–15. februar. Ein av dei analysane vi då bør gjere, er å samanlikne resultatrekneskapen for januar med resultatbudsjettet for januar. Dette kallar vi å utføre budsjettkontroll, og det er ein viktig del av økonomistyringa.

Korleis gjer vi det?

  1. Først samanliknar vi det faktiske resultatet for månaden med det resultatet som er budsjettert for månaden.
  2. Så ser vi på summen av salsinntekter mot dei salsinntektene som er budsjetterte.
  3. Vidare gjer vi tilsvarande med summane av varekostnader, lønskostnader og faste kostnader.
  4. Deretter ser vi på dei ulike kategoriane under faste kostnader. Vi konsentrerer oss om dei kategoriane der det er store avvik mellom rekneskap og budsjett.

Eit døme på ein budsjettkontroll

Det kan løne seg å bruke eit rekneark når vi skal setje opp ein budsjettkontroll. Få fram avvika både i kroner og i prosent. Sjå oppsettet nedanfor. Det viser budsjettkontrollen for desember månad for ein blomsterbutikk.

Budsjett (kr)

Regnskap (kr)

Avvik (kr)

Avvik (%)

Salgsinntekter

450 000

500 000

50 000

11,1

Varekostnader

260 000

300 000

–40 000

–15,4

Bruttofortjeneste
(dekningsbidrag)


190 000


200 000


10 000


5,3

Lønn

78 000

80 000

–2 000

–2,6

Arbeidsgiveravgift

10 998

11 280

–282

–2,6

Strømkostnader

1 200

1 000

200

16,7

Husleie

12 000

12 000

0

0,0

Avskrivninger

2 400

3 000

–600

–25,0

Rentekostnader

800

1 000

–200

–25,0

Sum faste kostnader

105 398

108 280

–2 882

–2,7

Resultat

84 602

91 720

7 118

8,4

Forklaring på ein del utrekningar

Utrekninga vi gjer for å finne avviket i kroner når det gjeld salsinntekter, bruttoforteneste og resultat, er rekneskapstal – budsjettal = avvik.

For å finne avviket i kroner når det gjeld kostnadene, bruker vi dette reknestykket: budsjettal – rekneskapstal = avvik.

Hugseregel

Eit positivt avvik skal vere positivt for bedrifta.
Eit negativt avvik er negativt for bedrifta.

Salsinntekter

Butikken har selt for 50 000 kroner meir enn budsjettert. Det utgjer ein auke på 11,1 prosent. Vi reknar auken i prosent av budsjettalet:

50 000 kr · 100 %450 000 kr=11,1 %

Dei auka salsinntektene kan kome av at prisen per produkt har auka, eller av at butikken har selt fleire produkt – eller begge delar.

Varekostnader

Her gjer vi den same utrekninga. Varekostnadene har prosentvis auka litt meir enn salet.

Tenk over

Varekostnadene har i dette dømet auka prosentvis meir enn salsinntektene. Kva kan vere grunnen til det?

Bruttoforteneste (dekningsbidrag)

Dei auka salsinntektene har ført til ein auke i bruttofortenesta.

Faste kostnader

Av dei faste kostnadene ser vi at det er avskrivingane og rentekostnadene som har størst negativ endring i prosent. Dei har forverra seg med 25 prosent. Det kan høyrast mykje ut, men her er det viktig å sjå på kva endringa utgjer i kroner. Sidan kronetala er så låge, treng vi ikkje å bekymre oss over at prosenttala er høge.

Resultat

Resultatet blei 7 118 kroner betre enn budsjettert.

Tenk over

Kva synest du om dette resultatet?

Tiltak ved avvik

Ved å utføre budsjettkontroll kan vi følgje med på den økonomiske utviklinga til bedrifta. Finn vi store avvik, er det viktig å reflektere over årsaka til avvika.

Nokre gonger indikerer avvika ei negativ utvikling som vi bør setje inn tiltak for å stanse. Andre gonger er det kanskje eit mangelfullt budsjettgrunnlag som er årsaka til avvika.

Skrive av Oddvar Torgersen og Tone Hadler-Olsen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 21.01.2021