Bidra til berekraftig forbruk - Forretningsdrift (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Bidra til berekraftig forbruk

Som enkeltpersonar kan vi velje å leggje om forbruket vårt i ei meir berekraftig retning, men det har større effekt viss mange gjer det same. Få med deg venene dine og bruk forbrukarmakta til å påverke dei som sel varer og tenester!
Video: Hacienda Film AS, Aftenposten / CC BY-NC-ND 4.0

Forbrukarmakt for berekraft

Som forbrukarar kan vi påverke kva for varer og tenester som blir tilbydde. Viss ein er mange nok som går inn for å kjøpe eit produkt eller ein bestemt type varer, vil dette bli lagt merke til av dei som produserer og sel vara. Fleire butikkar vil kanskje begynne å tilby denne vara. Dermed blir ho lettare tilgjengeleg, og endå fleire får høve til å kjøpe henne.

I motsett fall kan redusert sal skape merksemd rundt ei bestemt problemstilling. I 2012 blei det sett i gang ein kampanje mot produkt som inneheldt palmeolje. Mange forbrukarar begynte å unngå desse produkta. Produsentane tok signala, og i dag er forbruket av palmeolje redusert med 2/3. Andre eksempel på slike forbrukarkampanjar er kravet om hagejord utan torv og krav om openheit rundt arbeidstilhøve i tekstilfabrikkar.

Verkar forbrukarmakt?

Nokre er skeptiske til at vi som forbrukarar kan påverke dei som produserer varer, i ei berekraftig retning.

  1. Kva trur de skal til for at forbrukarmakt skal kunne verke?
  2. Finn eksempel på kampanjar der forbrukarmakt truleg har verka, og kampanjar der forbrukarmakt ikkje har vore særleg vellykka.
  3. Finst det saker som du er villig til å bruke forbrukarmakta di på?
  4. Argumentet under er henta frå eit lesarinnlegg om forbrukarmakt på NRK.no. Kva trur de forfattaren har meint med denne utsegna?

"Forbrukere er som hunder eller maur. De kunne tatt over verden om de hadde organisert seg, men de gjør det ikke."

Merket for berekraft

Det er krevjande å orientere seg om alle sider ved produkt og tenester som blir tilbydde, men fleire merkeordningar vil gjere det lettare for oss forbrukarar å velje det som er mest berekraftig.

Fremje sak for kommunestyret der du bur

Alle kan fremje eit såkalla innbyggjarforslag i kommunen eller i fylket der dei bur. Viss du klarer å samle minst 300 underskrifter (eller frå 2 % av kommunen sine innbyggjarar), kan du krevje at saka di blir behandla. Du kan føreslå saker og samle underskrifter på Minsak.no, og du treng ikkje å ha fylt 18 år for å gjere dette. Saka du føreslår, må vere noko kommunen eller fylket er involvert i. For eksempel har kommunane ansvaret for barne- og ungdomsskulane, mens fylket har ansvaret for dei vidaregåande skulane. Både kommunen og fylket kjøper mange varer og tenester.

Diskuter

  1. Finn eksempel på kva ein kommune har ansvaret for.
  2. Korleis kan ein kommune vere med å bidra til at forbruket blir meir berekraftig?
  3. Tenk deg at de skal fremje eit innbyggjarforslag som tek for seg berekraftig forbruk. Korleis kunne det vore formulert?

Her er fleire eksempel på kva forbrukarmakt kan vere:

  • Spør etter dei produkta du vil ha, i butikken.
  • Kjøp dei mest berekraftige produkta (eller få foreldra dine til å gjere det).
  • Ta direkte kontakt med dei som lagar vara, ved å ringje, skrive e-post eller skrive innlegg på Facebook-sida deira. Ver høfleg og sakleg, uansett medium.
  • Lag ein underskriftskampanje (Underskrift.no, Opprop.net).
  • Kontakt organisasjonar som støttar synet ditt, for å få forslag til kva du kan gjere. Dette kan skape tyngde bak ønsket ditt.
  • Forbrukarrådet er ein interesseorganisajon for forbrukarar. Dei kan gi råd og hjelp i forbrukarsaker.
Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018