Visit Greater Oslo – eit døme på regionalt samarbeid
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Visit Greater Oslo
Visit Greater Oslo er ein medlemsorganisasjon for reiselivsrelaterte næringar i regionen rundt Oslo. Organisasjonen har ca. 150 medlemmer og arbeider med utvikling og marknadsføring av reiselivet.
Visit Greater Oslo er òg ein paraplyorganisasjon for regionsselskapa
- Visit Asker & Bærum
- Visit Follo
- Visit Romerike
Visit Greater Oslo samarbeider tett både med fleire kommunar og med fylkeskommunen, og jobbar for ei berekraftig utvikling av reiselivet i regionen. Fordelen med samarbeidet omtaler dei sjølve på nettsida si:
Samarbeidet med det offentlig bidrar til økt synlighet for den enkelte kommune, bidrar til at reiselivsaktørene i området får tilbud om kompetansehevende tiltak som styrker bedriftens næringsgrunnlag samt at vi kan tilby fagkompetanse ved reiselivsrelaterte spørsmål.