Oppgåve
Korleis står det til med reiselivet i fylket ditt?
Gjennomfør ei spørjeundersøking for å kartleggje reiselivet i fylket ditt. Kom deretter med
forslag til ei innovativ og berekraftig destinasjonsutvikling.
forslag til ei innovativ og berekraftig destinasjonsutvikling.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Store og små ut på ski
Oppgåve i tre delar
Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på to og to.
- I denne oppgåva skal du fordjupe deg i korleis reiselivet er organisert i fylket du bur i.
- Opprett eit dokument til å skrive i. Kall dokumentet for «Reiseliv i [namnet på fylket] 2.0».
Del 1: kartlegging
- Søk på nettet og finn ut korleis reiselivet i fylket er organisert på regions-, fylkes- og landsdelsnivå.
- Korleis samarbeider dei ulike reiselivsaktørane?
- Korleis blir reiselivet marknadsført i fylket?
- Kor mange turistkontor er det i fylket?
- Korleis jobbar reiselivsnæringa i fylket med reisemålsutvikling og berekraft?
- Kor viktig er reiselivsnæringa for fylket?
- Kartlegg ringverknadene av reiselivet for andre næringar i fylket.
- På kva måte gir reiselivsnæringa positive ringverknader for lokalbefolkninga?
Del 2: spørjeundersøking
Lag ei spørjeundersøking til lokalbefolkninga. Undersøkinga kan gjennomførast digitalt eller fysisk. Her er nokre forslag til spørsmål:
- Kva er bra med reiselivet i fylket?
- Kva saknar du av tilbod?
- Korleis opplever du reiselivet i fylket?
- Korleis ser du på turistar?
- Kva tenkjer du om ei berekraftig reisemålsutvikling?
Analyser og bruk svara frå undersøkinga til å seie noko om nosituasjonen i fylket. Korleis bør fylket satse for å bli meir attraktivt for turistar og lokalbefolkning?
Om du var turistsjef, kva ville du ha tilrådd som ei innovativ og berekraftig destinasjonsutvikling for fylket? Ta utgangspunkt i svara frå spørjeundersøkinga.
Del 3: etterarbeid
- Opprett eit felles dokument for samskriving i klassa der alle legg inn tilrådinga dei kom med som turistsjefar.
- Kontakt gjerne reiselivs-/turistsjefen i fylket, og inviter til eit digitalt møte der de legg fram forslaget dykkar til ei innovativ og berekraftig destinasjonsutvikling i fylket.
Lykke til!

Laksefiske er populært blant både lokalbefolkning og turistar.