Sal og skjenking av alkohol - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Sal og skjenking av alkohol

Kva reglar gjeld for sal og skjenking av alkohol? Oppgåvene kan løysast i par eller individuelt.

Oppgåve 1

Kva reglar gjeld for sal av alkohol i butikk? Vis til relevante lovparagrafar.

  1. På kva tidspunkt har vi ikkje lov til å selje alkohol i Noreg?

  2. Kva seier lovverket om sal av alkohol til rusa personar?

  3. Kva seier lovverket om sal av alkohol til mindreårige?

  4. Kva seier lovverket om sal av alkohol til personar som kjøper på vegner av mindreårige?

Oppgåve 2

Kva reglar gjeld for skjenking av alkohol på hotell og serveringsstader? Vis til relevante lovparagrafar.

  1. For å få lov til å skjenke alkohol må ein ha eit skjenkjeløyve. Kva inneber det?

  2. Kor seint er det tillate å skjenke alkohol?

  3. Kven har du ikkje lov å skjenke alkohol til?

  4. Kva seier alkohollova om utdeling av alkohol til marknadsføringsføremål?

  5. Er det lov å reklamere for "happy hour"? Forklar.

Oppgåve 3

Kva reglar gjeld for skjenking av alkohol på desse reiselivsarrangementa:

  1. byvandring

  2. kunstutstilling

  3. festival

  4. piknik i parken

  5. busstur

Vis til relevante lovparagrafar i svara.

Oppgåve 4 – klassequiz

Bruk fakta som de fann i arbeidet med oppgåvene ovanfor, til å lage ein quiz om reglar som gjeld for sal og skjenking av alkohol. Lag til dømes ein Kahoot som heile klassa kan delta i.

Relatert innhald

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2022