Regulering av skilt og dekor i det offentlege rommet - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Regulering av skilt og dekor i det offentlege rommet

Kan vi setje opp skilt der vi vil? Nei, i Noreg er det strenge reglar for dette. Plan- og bygningslova regulerer kva slags skilt og dekor vi kan bruke i offentlege rom, og korleis vi kan plassere dei. Vi har òg ein standard for å sikre ei felles forståing av fagomgrepa.

Plan- og bygningslova

I dag er oppsett av skilt og dekor i det offentlege rommet bestemt av plan- og bygningslova. Lova skal mellom anna sikre universell og estetisk utforming. Under plan- og bygningslova ligg det fleire sektorlover. Desse regulerer kva som kan setjast opp av skilt og dekor:

  • kulturminnelova

  • veglova

  • naturvernlova

Skilt i det offentlege rommet er synleg kommunikasjon, montert eller plassert utandørs. Han kan vere fast, kortvarig eller mogleg å skifte ut.

Lokale tilpassingar

Fylkeskommunar og dei enkelte kommunane har lokale tilpassingar etter behov, slik at skilt og dekor blir estetisk tilpassa omgivnadene. Det seier seg sjølv at krava til skilt og dekor i nærleiken av ei stavkyrkje krev ei anna tilpassing enn til skilt og dekor i eit bymiljø.

Standard for skilt og reklame i det offentlege rommet

For å kunne regulere skilt og dekor i det offentlege rommet var det behov for eit felles fagspråk og ein standard for kva som ligg i omgrepet skilt. Dette førte til ei standardisering, og i april 2007 gav Standard Norge ut ein ny versjon av NS 3041 Skilting – Veiledning for plassering og detaljer.

I tabellen under finn du ei oversikt over ulike typar skilt. Dei er grupperte etter kva slags innhald dei har, korleis dei er plasserte, og korleis dei er laga. Ved å følge lenkene får du opp eit bilete og ei forklaring.

oversikt over skilttypar

Bodskap

Verksemdsskilt

Reklameskilt

Tilvisingsskilt
Informasjonsskilt
Orienteringsskilt

Plassering



















Utføring


















Andre typar skilt












Kva type skilt eller dekor er dette?

Kjelde

Kerr, M.I. Skilt som estetikk i det offentlige rommet. Kurs i profileringsdesign: NS 3041 – begreper og definisjoner.

Skrive av Knut Ivar Andersen.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022