Likeverdig tilgang til reiselivsopplevingar - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Likeverdig tilgang til reiselivsopplevingar

Alle skal ha likeverdig tilgang til reiselivsopplevingar. Det vil seie at reiselivsopplevingar – så langt det lèt seg gjere – skal vere tilgjengelege for alle, uansett funksjonsevne.

Eit samfunn for alle

Regjeringa vil med strategien Et samfunn for alle (2020–2030) bidra til ein meiningsfull kvardag for menneske med funksjonsnedsetjing. Strategien skal fremje likestilling og like moglegheiter knytt til
mellom anna kultur- og fritidsaktivitetar.

Ny standard om likeverdig tilgang til reiselivsopplevingar

For at det skal bli lettare for reiselivsbedrifter å oppfylle krava i likestillings- og diskrimineringslova, fekk vi i 2018 ein ny standard, NS 11036:2018 Universell utforming – Tjenester – Likeverdig tilgang til reiselivsopplevelser. Målgruppa for denne standarden er bestillarar og leverandørar av reiselivsrelaterte tenester og dessutan offentlege og private tenesteytarar.

Standarden skisserer korleis opplevingar skal utformast slik at flest mogleg besøkjande kan ta del i dei utan hjelp. Han skildrar òg korleis det kan leggjast til rette for menneskeleg assistanse dersom utforminga av det fysiske miljøet ikkje strekk til.

Tilgjenge og likeverd

Både internasjonalt og i Noreg blir det retta stor merksemd mot tilrettelegging av reiselivstilbod og -aktivitetar for personar med nedsett funksjonsevne. Ved å ta i bruk standarden – både når ein oppgraderer eksisterande opplevingar, og når ein utarbeider nye – kan ein ifølgje Standard Noreg skape

bedre og mer universelt utformede løsninger, og dette vil bidra til at alle får en mer likeverdig tilgang til de ulike reiselivsopplevelsene

Kjelder

NOU 2005: 8. (2020). Likeverd og tilgjengelighet— Rettslig vern mot diskriminering på grunnlag av nedsatt funksjonsevne. Bedret tilgjengelighet for alle. Justis- og beredskapsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2005-8/id390520/

Standard Noreg. (2018, 18. mai). Ny standard om likeverdig tilgang til reiselivsopplevelser. https://www.standard.no/nyheter/nyhetsarkiv/miljo-og-barekraft/2018-nyheter/ny-standard-om-likeverdig-tilgang-til-reiselivsopplevelser/

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021