Kvifor er unge mindre klare over kasting av mat? - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Kvifor er unge mindre klare over kasting av mat?

Jobb i grupper og lag ei marknadsundersøking på trinnet eller på heile skulen om kasting av mat.

Ungdommen blir ofte omtalt som morgondagens heltar som skal redde jordkloden. Mange ungdommar er opptekne av å seie nei til plast som ikkje trengst, å ete mindre kjøt, å ta kollektivtransport i staden for å køyre bil og å gjennomføre klimabrøl føre Stortinget. Men korleis kan det ha seg at ungdommar, som er så klare over klimakrisa, er dei som er minst klare over kasting av mat?

Vi kastar 1/3 av all maten som blir produsert, noko som står for heile 8–10 prosent av dei globale CO2-utsleppa. Det betyr at det aller viktigaste vi kan gjere for å redusere klimagassutslepp, er å redusere matsvinn.

Ei undersøking som blei gjort av Norstat for Too Good To Go i mai 2020, viser at unge mellom 18 og 25 år er dei som er minst klare over kasting av mat. Stemmer dette òg for elevane på skulen din?

Oppdrag: Lag ei marknadsundersøking om kasting av mat

  • Jobb i grupper.
  • Lag ei marknadsundersøking på trinnet eller på heile skulen dykkar om kasting av mat. Undersøkinga skal vise haldningane elevane har til kasting av mat.

    • Bli samde om kva spørsmål de må stille for å få svar på det de lurer på.
    • Bestem dykk for kva type undersøking de vil lage. Det er anbefalt at halve klassa jobbar med kvalitative undersøkingsmetodar og den andre halvparten med kvantitative undersøkingsmetodar, slik at de får både breidd og djupn i svara dykkar.
  • Gjennomfør undersøkinga på skulen.
  • Skriv ein rapport om funna frå undersøkinga.
  • Lag ein presentasjon med hovudfunna frå undersøkinga, og presenter for klassa.
  • Jobb gjerne vidare med oppgåva "Haldningskampanje for å redusere matsvinn", som du finn under relatert innhald.
Tips til verktøy for enkle marknadsundersøkingar

Google Forms
SurveyMonkey
EasyQuest

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Haldningskampanje for å redusere matsvinn

I denne oppgåva skal de jobbe i grupper med å lage ein haldningskampanje for å skape auka forståing for viktigheita av å redusere matsvinn.

Kjelde

Thorsen, K.E. (2020). Fattig Student: Hvorfor er unge mindre bevisst på matsvinn? Henta frå https://toogoodtogo.no/no/blog/fattigstudent-de-unge

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2021