Arbeidsgivaransvaret - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Arbeidsgivaransvaret

Bedrifta di skal opne ein ny butikk, og salssjefen skal bli dagleg leiar for denne butikken. Ho har inga erfaring som arbeidsgivar. Oppdraget ditt er å hjelpe henne med å få ei oversikt over dei viktigaste lovene og reglane ho må setje seg inn i.

Oppgåve

Lag ei oversikt over alle lover, reglar og plikter den nye sjefen må setje seg inn i. Oversikta må innehalde forklaringar og skildringar av dei aktuelle lovene, reglane og pliktene.

Jobb i par og vel frå lista kva emne de vil jobbe med. Set alle sine bidrag saman til slutt, slik at de får ei fullstendig oversikt.

Emne

Døme på plikter, lover og reglar som er aktuelle:

  • diskriminering i arbeidslivet

  • arbeidsavtalar

  • løn, overtid, og feriepengar

  • arbeidsmiljø

  • oppseiing, permisjon

  • ferielova

  • folketrygdlova

  • forskrift og arbeidsreglement i hotell- og restaurantbransjen

  • personvern

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2021