Val av selskapsform - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Val av selskapsform

Når du skal starte ei bedrift, er val av selskapsform eit viktig spørsmål. Her får du ei oversikt over ulike selskapsformer og informasjon om registrering av ei bedrift.

Val av selskapsform

Valet står til vanleg mellom desse alternativa:

  • enkeltpersonføretak/eineeigarføretak (EF)
  • ansvarleg selskap (ANS og DA)
  • aksjeselskap (AS)
  • samvirkeselskap/partslag (BA)

Det alternativet du vel, har først og fremst noko å seie for ansvarsforholda for eigaren/eigarane, handlefridomen og skattlegginga. Selskapsforma må passe til bedriftssituasjonen. Ver merksam på at det som oftast er lettare å gjere om eit enkeltpersonføretak eller eit ansvarleg selskap til aksjeselskap enn omvendt.

Brønnøysundregistera

Styresmaktene skal ha melding når du formelt opprettar eit selskap. Brønnøysundregistera er ein statleg etat som har som mål å forenkle forholdet som næringslivet har til det offentlege. Her finst mange viktige register der bedrifter registrerer seg og får organisasjonsnummer, firmaattest o.l. Dei store offentlege registra samarbeidar slik at ein må oppgi dei viktigaste opplysningane kun ein gong. Mest kjend er Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Du finn opplysningar om prisar og mange gode tips på Brønnøysundregistera.

Einingsregisteret

Alle bedrifter skal registrere seg i Einingsregisteret. Her får du eit unikt organisasjonsnummer som du treng når du til dømes skal opprette bankkonto. Har du enkeltpersonføretak og ikkje fleire enn fem tilsette, held det å registere seg i Einingsregisteret. Dette gjeld òg dersom du sel tenester, eller varer du har laga sjølv. Registrering i Einingsregisteret er gratis. Alle andre bedrifter må registrere seg i Føretaksregisteret.

Føretaksregisteret

I tillegg til Einingsregisteret vil ei rekkje selskapsformer ha registreringsplikt i Føretaksregisteret. Registreringsplikta gjeld for

  • alle selskap der ansvaret er avgrensa, som til dømes aksjeselskap (AS), allmennaksjeselskap (ASA), ansvarlege selskap (ANS) og selskap med delt ansvar (DA)
  • enkeltpersonføretak som driv handel med innkjøpte varer
  • enkeltpersonføretak som har meir enn fem tilsette

Det er frivillig for enkeltpersonføretak å registrere seg i Føretaksregisteret. Mange bankar, forsikringsselskap og andre inngår ikkje avtalar før dei har forsikra seg om at bedrifta er registrert i Føretaksregisteret. Registrering i Føretaksregisteret beskytter namnet på bedrifta di og sikrar deg mot at andre tek i bruk namnet ditt.

Pris for å registerere seg i Føretaksregisteret varierer.

Krav til registerering

Du må vere

  • myndig
  • ha norsk bustadadresse
  • ha norsk fødselsnummer/D–nummer

Elektronisk registrering av bedrifta di gjer du på www.altinn.no.

Skrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 23.08.2023