Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Selskapsformer og etablering av bedrift

Fagstoff

Ansvarleg selskap

Er de fleire som vil starte bedrift saman? Då kan eit ansvarleg selskap vere ei moglegheit sidan slike er lette å opprette og drive og ikkje krev innskoten kapital. Men vel de denne forma, får de personleg ansvar for gjelda til bedrifta. Derfor passar ansvarleg selskap best når risikoen er låg.

Starte og registrere bedrifta

Om de vil starte eit ansvarleg selskap, må de først velje eit namn på bedrifta og deretter utarbeide ein selskapsavtale. Etter at de har gjort det, må de registrere bedrifta i Brønnøysundregistera.

Hovudformer for ansvarlege selskap

Det er to hovudformer for ansvarlege selskap:

  • ansvarleg selskap med solidarisk ansvar (ANS)

  • ansvarleg selskap med delt ansvar (DA)

I eit ANS har de saman ansvar for heile gjelda til bedrifta. Viss éin ikkje kan betale, må krav dekkast fullt ut av dykk andre. Det blir kalla solidarisk ansvar.

I eit DA er ansvaret delt, det vil seie at kvar og éin av dykk er ansvarleg for gjeld som står i forhold til ansvarsdelen de har i bedrifta. Dette skal stå i selskapsavtalen.

Selskapsmøtet

Øvste myndigheit i eit ansvarleg selskap er selskapsmøtet, der de alle i fellesskap tek viktige avgjerder for bedrifta. Vedtaka som blir gjorde i selskapsmøtet, skal dokumenterast i eit referat, som blir kalla protokoll.

For å stifte eit ansvarleg selskap må de halde eit selskapsmøte. Her bestemmer de namn på bedrifta og utarbeider ein selskapsavtale. Alle vedtak må skrivast ned i ein protokoll som skal signerast av dykk alle.

Føresetnader for å starte eit ansvarleg selskap (ANS/DA)

  • Eit ansvarleg selskap må ha minst to deltakarar. Både fysiske og juridiske personar (eksempelvis eit aksjeselskap eller ei foreining) kan vere deltakarar.

  • Personar som skal vere deltakarar eller ha ei anna rolle i eit ansvarleg selskap må ha fylt 18 år.

  • Selskapet må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som vert oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse vert ikkje godteken).

(Altinn, u.å.-b)

Velje namn på bedrifta

Namnet til ei bedrift som er eit ansvarlege selskap, må ha "ansvarleg selskap" eller forkortinga "ANS" bakarst i namnet.

Vel de å ha delt ansvar, skal bedriftsnamnet slutte med "delt ansvar" eller "DA".

Namnet må elles bestå av minst tre bokstavar frå det norske alfabetet og kan ikkje berre vere namnet på eit land, eit fylke eller ein kommune.

Meir om val av namn

Les meir om namneval på

Utarbeide ein selskapsavtale

Ansvarlege selskap er regulerte av selskapslova, som mellom anna seier at det skal opprettast ein skriftleg selskapsavtale.

Selskapsavtalen som de utarbeider, må mellom anna innehalde namn på bedrifta, namna og adressene til dykk som skal opprette bedrifta, formål og eventuelle innskot.

Les meir om krava i selskapslova § 2-3 på Lovdata.

Registrere bedrifta

Alle ansvarlege selskap skal registrerast både i Einingsregisteret og i Føretaksregisteret. For å registrere selskapet går de inn på Altinn og bruker skjemaet "Samordna registermelding" . Den signerte selskapsavtalen dykkar skal leggast ved.

Om de vel å ha eit styre, noko som ikkje er eit krav for eit ansvarleg selskap, må de i tillegg legge ved protokoll frå det selskapsmøtet som dokumenterer val av styre. Det same gjeld om de har valt ein revisor.

Drift av ansvarleg selskap

De som opprettar eit ansvarleg selskap saman, blir kalla deltakarar i selskapet. Og det er de som er ansvarlege for drifta. I selskapsmøte kan de samla ta avgjerder i alle saker.

Som deltakarar i eit ansvarleg selskap kan de ikkje vere tilsette og få lønn. Det inneber òg at de har meir avgrensa sosiale rettar, som sjukepengar, dagpengar og pensjon, enn arbeidstakarar.

Bokføringsplikt

Alle ansvarlege selskap har det vi kallar bokføringsplikt. Det vil seie at de må føre rekneskap for bedrifta for å dokumentere inntekter og kostnader.

Rekneskapsplikt

Sjølv om alle ansvarlege selskap skal føre rekneskap, har mindre selskap ikkje det som blir kalla rekneskapsplikt. Bedriftene som har rekneskapsplikt, skal levere årsrekneskap til Rekneskapsregisteret. Det er berre ansvarlege selskap med meir enn fem millionar i salsinntekt, over fem tilsette eller meir enn fem deltakarar som har rekneskapsplikt.

Ansvarleg selskap samanfatta

  • Selskapet blir drive av to eller fleire personar (kalla deltakarar).
  • Deltakarane er personleg ansvarlege.
  • Selskapet skal registrerast i Einingsregisteret og Føretaksregisteret.
  • Namnet på bedrifta må ha ANS eller DA bakarst.
  • Selskapet har bokføringsplikt og må føre rekneskap som dokumenterer inntekter og kostnader.

Kjelder

Altinn. (u.å.-a). Ansvarleg selskap (ANS/DA). Henta 18. oktober 2025 frå https://info.altinn.no/nn/starte-og-drive/starte-bedrift/vel-organisasjonsform/ansvarlig-selskap/

Altinn. (u.å.-b). Starte og registrere ansvarleg selskap (ANS/DA). Henta 18.oktober 2025 frå https://info.altinn.no/starte-og-drive/starte/registrering/starte-og-registrere-ansvarlig-selskap-ansda/

Lov om ansvarlige selskaper og kommandittselskaper (selskapslova) (LOV‑1985‑06‑21‑83). (1985). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1985-06-21-83

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 09.04.2026