Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Idéutvikling og kreative metodar

Oppgåve

Redusere ulikskap i og mellom land

Det er store ulikskapar mellom landa på jorda. Nokre land er rike, og innbyggjarane har gode levekår. Andre land er ekstremt fattige, og innbyggjarane har dårlege levekår. FNs berekraftsmål nummer 10 er å redusere ulikskap i og mellom land. Korleis kan vi jobbe for å klare det?

Oppgåve

I denne oppgåva skal de bruke metoden 1 + 1 = 3 til å kome på idear til korleis vi kan nå FNs berekraftsmål nummer 10.

  • tid: 20 minutt
  • føremål: finne løysingar som kan bidra til å jamne ut forskjellane i verda

Instruksjon

  1. Gå saman i grupper på fire eller fem elevar.
  2. Vel éin i gruppa til å notere.
  3. Individuelt: Les om FNs berekraftsmål nummer 10.
  4. I gruppa: Diskuter kva de tenkjer at dette målet betyr og inneber.
  5. I gruppa: Vel dykk ut eit land, og bruk 8–10 minutt på å skrive ned idear de kjem på som kan bidra til å jamne ut forskjellane i landet. Hugs at alle forslag er like verdifulle. Ingen idear er dumme. Det er ikkje lov å seie «nei». Alt er mogleg! No er det om å gjere å få fram så mange idear som mogleg.
  6. Bruk 2 minutt på å bli samde om kva for to forslag de har lyst til å dele med klassa.
  7. Gruppene får 1–2 minutt kvar til å presentere dei to forslaga sine for klassa. Sei først kva land de har fokusert på, før de fortel om forslaga dykkar.
  8. Lag ein plakat (digitalt eller på papir) med bilete frå landet «dykkar» og forslaga dykkar til korleis forskjellane kan jamnast ut, og kva det kan ha å seie for innbyggjarane i landet.

Refleksjon i fellesskap

  • Kvifor er det så store forskjellar i verda?
  • Kva vil det bety for oss å jamne ut forskjellane?
  • Kva kan vi som medmenneske bidra med?
  • Kva har du lært av denne oppgåva?

Relatert innhald

1 + 1 = 3

1 + 1 = 3 er ei øving som trenar opp evna til assosiasjonstenking. Samtidig blir de kjende med berekraftsmåla til FN.

Kjelde

FN-sambandet. (2025, 1. september). FNs bærekraftsmål. Henta frå https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 28.01.2026